Hopp til innhold

Forsvaret skifta meining om ubåt

Med månadars mellomrom skifta Forsvaret meining om den dramatiske ubåtjakta i Sognefjorden i 1972.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Det herskar stor uvisse kring den store ubåtjakta i 1972.

Foto: NRK

Forsvarsministeren fekk først vite at det hadde vore ein ubåt inne i Sognefjorden, men berre månadar seinare fekk den nye regjeringa stikk motsett informasjon, skriv Bergens Tidende.

Video nsps_upload_2010_1_5_19_51_23_2803.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Fare for rikets tryggleik

Det herskar framleis stor uvisse kring kva som skjedde i ein av verdas lengste fjordar desse novemberdagane i 1972. Fleire dokument er nedgraderte, men Forsvaret held framleis dokument frå ubåtsaka hemmelege. Dette fordi den nasjonale tryggleiken kan bli skadd dersom dokumenta blir offentlege.

- Det er framleis forhold i saka som kan skade rikets tryggleik. Vurderingane av gradering tek ikkje omsyn til årstal, men til innhald, seier pressetalsmann for forsvarsstaben, Christian Øverli til NRK.

Gav ny informasjon

Bergens Tidende skriv laurdag at to statsårdar fekk høgst ulik informasjon med berre månadars mellomrom. Dåverande forsvarsminister Johan Kleppe (V) vart orientert om den framande ubåten, men Alv Jakob Fostervoll (Ap) fekk heilt andre opplysningar då han tok over ministerposten få månadar seinare.

- Eg vart orientert om at det mest truleg ikkje hadde vore ein ubåt. Vi hadde ikkje sikre spor, seier han til avisa.

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.