Hopp til innhold

- Forsvaret bør frigje ubåtdokument

Tidlegare sjef for Forsvarets etterretningstjeneste kritiserer Forsvaret for å halda dokument om ubåtjakta i Sognefjorden i 1972 hemmelege.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Foto: NRK

- Sjølve operasjonen i Sognefjorden og alle andre operasjonar med moglege framande undervassbåtar i landet, var det ikkje noko løyndommar rundt. Det var vanskelege operasjonar, men eg kan ikkje skjøna kvifor det skal vera så hemmeleg, seier tidlegare ubåtkaptein og sjef for Forsvarets etterretningsteneste, kontreadmiral Egil Eikanger.

- Ubåten kan ha vore vestleg

38 år etter den omfattande aksjonen i Sognefjorden der det vart leita etter ein framand ubåt, er det framleis mange ubesvarte spørsmål. Kvifor var det ein famand ubåt i fjorden og kva nasjonalitet hadde ubåten?

Det kan vere at forsvaret nektar å gje ut dokumenta fordi ubåten var alliert , fortel flaggkommandør og tidlegare ubåtkaptein Jacob Børresen.

Jacob Børresen

Flaggkommandør og tidlegare ubåtkaptein Jacob Børresen.

Foto: BJØRN HALFDANSEN / Scanpix

- Utviklinga innan våpenteknologi går jo lynkjapt, så det er jo ikkje noko frå den gong som er relevant i dag, og Sovjetunionen eksisterer jo ikkje lenger. Det eineste måtte vera viss det er kome fram informasjon i samband med etterarbeidet etter Sognefjorden som antydar at det var vestlege ubåtar som var til stades.

Hemmelege og konfidensielle dokument

Tidlegare har krav om frigjeving av ubåtdokumenta kome frå politisk hald . No er det altså Forsvaret sine tidlegare tilsette som meiner dokumenta må få sjå dagens lys.

- Med den kjennskap eg har til dette, ville eg ha frigjeve dokumenta for at ikkje spekulasjonane skal halda fram, seier Eikanger.

Forsvaret står fast på at ubåtdokumenta ikkje vil bli offentleggjort,

- Det er vedlegg som framleis er graderte som hemmeleg eller konfidensielle, og då har ikkje Forsvaret lov å offentleggjera desse, seier Kristian Øverli, pressetalsmann for forsvarsstaben. .

Eikanger stiller seg undrande til Øverli sin argumentasjon.

- Då må det vera noko eg ikkje forstår