Hopp til innhold

Alle i isolat heim på onsdag

Dei 45 som framleis sit i isolat i Gloppen etter utbrotet av svineinfluensa på den nordiske 4H-leiren på Breim, får mest truleg reise heim att onsdag.

Svineinfluensa 4H leir

Det var ingenting i vegen med humøret til ungdommane som vart sett i svineinfluensa-isolat på 4H-leiren på Breim.

Generalsekretær i 4H, Astrid Solberg, seier dei fleste vil reise i ein felles buss som går til Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark.

Les om svineinfluensa-utbrotet på Breim .

– Vi skal sende alle som er feberfrie heim på onsdag. Og no er det berre éin person som framleis har feber, fortel ho.

Solberg seier at ingen som vart råka av svineinfluensaen har vore alvorleg sjuke.