Hopp til innhold

Alkoholsalet auka med 20 prosent i 2020: – Ein auke me ikkje har sett før

Koronaåret 2020 bydde på klang i både glas og kasseapparat. Aldri før har det blitt seld så mykje alkohol i Noreg.

Munnbind-effekt: Langt flere må vise leg på polet

KLINGER I KASSA: Vinmonopolet har sett stor auke i alkoholsal i 2020.

Foto: Heiko Junge / NTB

Koronapandemien har ført til at grensehandel og taxfree-handling har gått kraftig ned.

Det har mellom anna medført ein kraftig auke i alkoholsalet her til lands, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Viss ein samanliknar heile 2020 med året før var auken på 19,5 prosent.

– Dette er ein auke me ikkje har sett før. Før 2020 var ein vanleg auke eller nedgang på rundt ein til 2 prosent, seier Lars Jacob Dale, som er konsulent i Statistisk sentralbyrå og forfattar for statistikken.

Tal manglar frå åra frå 1917 til 1920, som var starten av forbodstida i Noreg. Tal manglar også frå 1998 av ukjende årsaker.

Rekordtal

SSB har tal på alkoholomsetnad i Noreg heilt tilbake til 1851.

Aldri før har kvar nordmenn i snitt kjøpt meir alkohol i Noreg enn i fjor. Året der alkoholsalet var nærast nivået frå fjoråret var 1875.

Det var same år som trikken i Oslo køyrde for første gong (trekt av hestar), Noreg slutta seg til meterkonvensjonen, og då daler og skilling blei avvikla og krona blei innført.

Lars Jacob Dale

TALKNUSAR: Lars Jacob Dale er ansvarleg for statistikken for alkoholsalet i Statistisk sentralbyrå.

Foto: SSB

Stengde grenser

Statistikken reknar ikkje med tal frå taxfree eller turistimport.

Og mangelen på utanlandsreiser og stengde grenser er det som er årsaka til auken i salet, meiner Dale.

– Om det er berre er derfor er vanskeleg å seie, men det er heilt klart den dominerande faktoren, forklarer Dale.

Drikk folk meir?

Den største auken var på sal av vin. Der selde ein 35,8 prosent meir enn same kvartal i 2019. Brennevin og rusbrus følgde etter med 27,1 og 12,6 prosent.

Øl hadde ei auke på 5,3 prosent.

Bryt ein ned auka til dei forskjellige kategoriane, vil det sei at kvar nordmann i snitt kjøpte 20 halvliterar øl, ei flaske brennevin og seks flasker vin meir her til lands i 2020 enn i 2019.

Likevel betyr ikkje det nødvendigvis at nordmenn drikk meir.

Tidlegare i år skreiv NRK at 13 prosent av nordmenn drikk meir under pandemien, mens ein tredel drikk mindre enn før pandemien.

Lars Jacob Dale vil ikkje gje endra drikkevarer skulda.

– Det er jo ein mogleg forklaring, men det er nok heller det at grensene er stengt som forklarer det, seier Dale.