Hopp til innhold

30.000 spurd om korona-drikking: Uroa nordmenn drikk meir under pandemien

13 prosent av dei spurde seier dei drikk meir alkohol no enn før koronaen. Særleg dei som slit med helse, einsemd og økonomi konsumerer meir alkohol, viser ny forsking.

Munnbind-effekt: Langt flere må vise leg på polet

ENDRA DRIKKEVANAR: Mens særleg unge drikk mindre under koronapandemien, drikk 13 prosent meir enn dei pleier.

Foto: Heiko Junge / NTB

Forskarar ved Universitetet i Bergen, Helse Bergen og FHI har fått svar frå over 30.000 bergensarar på korleis drikkevanane har endra seg etter nedstenging og koronarestriksjonar.

– Det vi meiner er mest oppsiktsvekkande er at dei som uroer seg mest, og drikk mest. Dei som slit med økonomi, helse eller er isolert på heimekontor eller heimestudium, seier Silje Mæland.

Ho er prosjektleiar for undersøkinga og jobbar ved Pandemisenteret ved UiB.

– Vi ser ein sterk samanheng mellom auka uro og auka drikking.

– Kva tenker du når du ser lange køar framfor Vinmonopolet?

– Eg tenker at her førebur folk seg på nye periodar i einsemd. Då er det ikkje så rart at dei hamstrar.

Silje Mæland, prosjektleiar for alkoholundersøkinga og jobbar ved Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen. Førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

FORSKAR: Silje Mæland er prosjektleiar for undersøkinga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ungdom drikk mindre

Undersøkinga viser at ein tredel av oss drikk mindre enn før pandemien. Særleg gjeld dette unge.

– Dei som først og fremst drikk på fest, særleg unge, rapporterer at dei drikk mindre enn før. Så det kan jo vere positivt, seier Mæland.

– Samstundes er det nye grupper som aukar alkoholbruken. Særleg ser vi at dette gjeld dei mellom 30–39 år.

Det er 13 prosent som seier dei drikk meir enn dei gjorde før mars i fjor.

Dei som uroer seg for helse eller økonomi har aukande alkoholbruken dobbelt så hyppig som dei som ikkje har slik uro.

Dette er same gruppe som opplyser å uroe seg mest for økonomi.

Kø utenfor Vinmonopolet

KØ: Avstandsreglar og ei grense på kor mange som kan vere i butikken på same tid har gjort køar utanfor Vinmonopolet til eit kjent syn.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Dei eldste drikk mest

Dei mellom 60 og 69 år drikk mest alkohol, med 3,7 einingar kvar veke i snitt, viser undersøkinga.

Til samanlikning er drikk unge vaksne mellom 18–29 3,3 einingar i veka. Men i denne gruppa er det fleire som drikk mykje kvar gong dei drikk.

Jamt over har menn eit høgare alkoholkonsum enn kvinner.

Dei som seier dei drikk meir har ikkje oppgitt kor mykje meir dei drikk.

Undersøkinga er gjort med spørjeskjema i slutten av mai. No held forskarane på å samle inn nye data for å sjå om tendensane har blitt enno meir tydelege.

Ser ikkje konsekvensane enno

Funna i undersøkinga samsvarer med opplevingar frå dei som jobbar med rusfeltet.

Det seier Else Kristin Utne Berg, spesialrådgjevar i KoRus Vest. KoRus er eit kompetansesenter på rus og rusomsorg.

Berg seier dei enno ikkje har opplevd større pågang frå folk som treng hjelp fordi dei drikk meir, men at det ofte tek tid før ein ser konsekvensane av endra drikkevanar.

– Det er urovekkande. Det kan vise seg att på behandlingsstatistikken seinare. Det å sitte heime å drikke er ikkje bra korkje for folkehelsa eller for kvar enkelte sitt ve og vel.