Det vart ein brå start for administrasjonskoordinator Alicja Ask i Norsk Bergsikring.
Like før klokka 07 fekk ho telefon om kraftig røykutvikling på hovudkontoret i Stongfjorden.
– Eg gjekk ut for å sjå, og då var det ikkje berre røyk. Halve bygningen stod i flammar. Så kom eit ganske kraftig vindkast og då tok heile bygget fyr. Det var eit grusomt syn, seier Ask.
Hindra spreiing
Ask vart hjelpelaust vitne til at arbeidsplassen hennar gjennom tre år gå opp i flammar. Det gamle administrasjonsbygget var overtent allereie då brannvesenet kom fram.
Dermed vart fokus retta mot å hindre at brannen spreidde seg i den kraftige vinden. Ikkje minst til det nye bygget som frå juli skulle gi seks fast kontortilsette nye lokale.
– Det skal stå ferdig i slutten av juni og var utruleg viktig å berge. Til vi får flytta inn får vi klare oss med heimekontor og Skype. Enn så lenge får vi klare oss med heimekontor og teknologi
70 tilsette
Norsk Bergsikring vart etablert i 2013 og har kring 70 tilsette. Selskapet utfører ulike rassikringsarbeid over heile landet.
– Brannen får ikkje kritiske følgjer for drifta. Ein del datautstyr, kontraktar og faktura gjekk tapt, men vi har heldigvis mykje lagra på ein server. Ein del ekstraarbeid blir det nok likevel, fortel Ask.
– Det er vanskeleg å sjå alt du har vore med å skapt gå opp i flammar, men det er viktig å mobilisere og sjå framover, legg ho til.
Startar måndag
Utrykkingsleiar i politiet, Åge Løseth, seier det førebels er for tidleg å seie noko om brannårsaka. Truleg må dei vente til måndag med å undersøke branntomta.
– No blir det ettersløkking og sikring av takplatene, så dei ikkje gjer ytterlegare skader. Så må vi avhøyre vitne og hente inn andre opplysningar som kan gi svar på årsaka, seier han.
– Kor lett blir det å finne årsaka?
– Erfaringsmessig blir det vanskeleg når det er så store brannskadar som her. Men vi gir ikkje opp og skal gjere eit forsøk, seier han.
Glad for regnet
Løseth seier omfanget kunne blitt langt større om det ikkje hadde kome godt med nedbør siste døgnet.
Han var regionlensmann i Sogn under storbrannen i Lærdal i 2014.
– Det blir spekulasjonar, men med bygga og vegetasjonen som er her, så er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at det kunne gått riktig ille om det var like tørt som for ein dag eller to sidan.