Hopp til innhold

Tilfeldig forbipasserande fekk varsla om storbrannen

STONGFJORDEN (NRK): Den gamle delen av administrasjonsbygget til Norsk Bergsikring i Stongfjorden er totalskadd i brann.

BRANN: Den gamle delen av administrasjonsbygget til Norsk Bergsikring brann ned i morgontimane.

Klokka 08:10 melder brannvesenet at dei har kontroll over brannen.

– Situasjonen avklart, og vi driv no ettersløkking, seier Bernhard Øberg som er fagleiar for brann.

Like før klokka 06:30 melde ein tilfeldig forbipasserande om at det brannvesenet om brannen.

– Vi har fått melding om at det brenn i eit kontorlokale, sa Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt til NRK like etter at brannen var varsla.

Norsk Bergsikring vart etablert i februar 2013 og har hovudbase i Stongfjorden. Selskapet har kring 70 tilsette som arbeider på ulike rassikringsprosjekt kring om i landet. Det er også husvære under bygging i bygget.

– Men der skal det ikkje vere folk som bur, seier Knappen.

Kraftig røyk

Brannvesenet som er på staden melder om kraftig røykutvikling.

– Brannbefalet på staden ber naboane til brannen om å lukke vindauge for å unngå å få røyken inn i husa, seier Frode Eide som er vaktleiar ved 110-sentralen.

Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygg. Bygget inneheld både næringsbygg og husværet som var under bygging.

– Næringsdelen av bygget er heilt overtent og brannmannskapa jobbar no for å hindre brannen i å spreie seg.

Det er kraftig vind og røykutvikling i området. Deler av bygget har brunne heilt ned til grunnen.

Brann i Stongfjorden

HAR KONTROLL: Brannmannskapa har no kontroll på brannen i Stongfjorden, men den eldste delen av næringsbygget er totalskadd i brannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Såg kontoret gå opp i flammar

– Det er ein forferdeleg trist dag for oss, seier Alicja Ask som jobbar med økonomi i Norsk Bergsikring.

Ho var ein av seks tilsette som hadde arbeidsplassen sin i Stongfjorden. No er det berre ruinane igjen av den eldste delen av administrasjonsbygget.

– Det var eit forferdeleg syn å vakne til, å sjå at halve kontoret står i flammar. Eg har jobba her i tre år, og det er forferdeleg å sjå, seier Ask.

Det meste av dokument og informasjon om drifta til Norsk Bergsikring var samla i administrasjonsbygga i Stongfjorden.

Alicja Ask

MISTA KONTORET: Alicja Ask jobbar for Norsk Bergsikring i Stongfjorden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det betyr ein del ekstra arbeid for oss. Heldigvis er mykje lagra på ein server, men det vert likevel mykje ekstraarbeid med å bygge opp igjen det gamle, seier Ask.

I juli skulle Norsk Bergsikring etter planen flytte over i det nye bygget som brannmannskap klarte å berge frå flammane. No skjer flyttinga litt tidlegare enn planlagt.

-Det vert ikkje den store ventinga med å kome i gang ordentleg med nye kontor og møter, seier Ask.

Totalskadd

Gunnar Englund i Stongfjorden

TOTALSKADD: Gunnar Englund er innsatsleiar i politiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK sin reporter på staden, Oddleif Løset, fortel om kraftig vind og røykutvikling på staden. Den gamle delen av delen av administrasjonsbygget til Norsk Bergsikring er totalskadd.

– Brannvesenet har klart å avgrense brannen til den gamle delen av bygget. Den nye delen står like bra, seier Gunnar Englund som er innsatsleiar i politiet.

Brannvesenet har no kontroll på brannen.

– No driv dei med nedkjøling av nybygget, og vi reknar vel med at innsatsen til brannvesenet etter kvart er ferdig, seier Englund.

Krevjande sløkkearbeid

Kraftig vind gjorde sløkkearbeidet krevjande for brannmannskapa.

Bernhard Øberg

ETTERSLØKKING: Bernhard Øberg er fagleiar for brann.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Men, denne gongen var for så vidt vinden på lag med oss. Vi fekk han i ryggen og kunne hindre at brannen spreidde seg til industribygget som ligg vegg i vegg, seier Øberg.

Han prisar seg lukkeleg over at brannen kom i dag og ikkje for eitt døger sidan, medan det framleis vart tørt før regnet.

– Det hadde vore eit skrekkscenario med gneisteregn inn over Stongfjorden slik at vi hadde fått ein skog- og lyngbrann i tillegg, seier Øberg.