Laurdag døydde ein covid 19-pasient på Haukeland universitetssjukehus. Mannen var busett i Bjørnafjorden kommune og hadde fått påvist koronasmitte.
Måndag skriv Bergens Tidende at mannen var 41 år. Det gjer mannen til det yngste stadfesta covid 19-offeret i Noreg.
Av Folkehelseinstituttet sine 224 registrerte dødsfall i Noreg, er dette berre det fjerde i aldersgruppa 40–49 år.
Hadde nyretransplantert
– Det har vore eit levande mareritt, skal eg vera heilt ærleg, seier mannen si syster, Ann-Christin Heggland.
NRK går ut med mannen sin identitet etter samråd med den næraste familien.
41 år gamle Alexander Heggland var busett på Øyane i Bjørnafjorden kommune med kone og seks barn.
I starten av mars fekk han påvist koronasmitte. Dagen etter blei seksbarnsfaren innlagd på Haukeland universitetssjukehus.
Etter nokre dagar på sjukehus, forverra situasjonen seg raskt.
Heggland blei nyretransplantert for 15 år sidan.
– Han låg på sjukehuset i nesten ei veke før han blei lagd i respirator, fortel søstera.
Bønfell folk om å vera forsiktige
Fredag fekk familien den nedslåande beskjeden om at håpet var ute.
Laurdag døydde 41-åringen, på sin eigen bursdag.
– Det fanst ikkje ein meir livsglad og fin type. Eg er så stolt over broren min, seier Ann-Christin Heggland.
Ho vil samstundes retta ein stor takk til helsevesenet.
– Både sjukepleiarar og legar har vore heilt fantastiske. Dei har stått på og snudd alle steinar for å prøva å redda Alexander. Diverre gjekk det ikkje slik.
Familien ønskjer be folk om å ta Folkehelseinstituttet sine oppmodingar på alvor.
– Ta det på alvor. Dette var ikkje ein sjuk mann i utgangspunktet. Folk i risikogruppa må vera kjempeforsiktige.
Innsamling nådd halv million
Natt til måndag starta vener av familien ein Spleis-aksjon til støtte for familien. Under eit døgn seinare er det samla inn nesten ein halv million kroner.
Avisa Os & Fusaposten omtalte innsamlinga først.
Innsamlinga er starta for å sikra at familien klarar seg når ei inntekt fell vekk, fortel ein av initiativtakarane til innsamlinga, Randi Helen Tillung.
I tillegg til sine fire biologiske barn, hadde Alexander Heggland og kona to fosterbarn.
Tre av barna sit i rollestol. Kona har sete i styret i Foreningen for muskelsjuke i fleire år og hjelpt barn og vaksne.
– No er det ungane som treng vår hjelp og støtte, seier Tillung, som starta innsamling i lag med Linda Helen Lundekvam.
Målet var i utgangspunktet å samla inn 20.000 kroner. I løpet av dagen har initivtakarane oppdatert målet fleire gongar.
– Det er heilt overveldande. Me er imponerte over responsen.
Søstera seier resten av familien er audmjuke og overraska.
– Det er eit fantastisk initiativ. For ungane kan dette bidra til å sikra framtida. Familien er veldig glad for dette i ei sorgfull tid, seier søster Ann-Christin Heggland.