Hopp til innhold

Aldri målt meir sildeyngel

Forskarane melder om at det er tre gode årsklasser med norsk vårgytande sild i Barentshavet. Dette er svært godt nytt for sildefiskarane, som har fått reduserte kvotar dei siste åra, skriv Fjordenes Tidende. Årsklassane av norsk vårgytande sild(nvg-sild) varierer, og det har ikkje vore ei sterk årsklasse sidan 2016. Havforskar Georg Skaret seier dei aldri målt meir sildeyngel enn dei har gjort på dei to siste økosystemtokta, og at resultata frå det siste toktet tyder på at ein stor del av 2022-årsklassen har overlevd fram til eitt år.

Fisket etter den norske vårgytende silda (NVG) er i gang i hele nord.
Foto: Fiskeridirektoratet