Hopp til innhold

Alan Walker droppar maska

Artistkometen har skjult ansiktet med eit tørkle. No kastar 19-åringen maska og lettar på sløret om framtida.

Alan Walker

IMAGE: Alan Walker serverte i dag ein smakebit av si nye låt i Bergen. Den tredje musikkvideoen markerer slutten for det mystiske tørklekonseptet. Her frå ein konsert i Glasgow.

Foto: MER

Suksessen til den 19 år gamle musikkprodusenten frå Kringlebotn i Fana i Bergen har skote i vêret det siste året. Mykje takka vera singelen «Faded», som i skrivande stund er blitt sett nesten 750 millionar gongar på Youtube.

På dei første promobilda managementet hans delte ut var Walker sitt andlet knapt synleg i det heile. Imaget har vore nøye utarbeidd saman med plateselskapet Sony. Men no snur Fana-artisten tvert.

Alan Walker

TILBAKE: Alan Walker i Bergen. 22. desember konsertdebuterer han i heimbyen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Maska er eit kult konsept

I samband med lanseringa av sin første konsert i heimbyen Bergen, stilte Walker umaskert. Normalt har EDM-artisten vore konsekvent i bruken av skjerf i møte med journalistar.

Maskekonseptet er inspirert av data- og spelinteressa som opptok 19-åringen før han starta å laga musikk frå soverommet. I tillegg er inspirasjonen henta frå hackargruppa Anonymous, tv-serien «Mr. Robot» og videospelet «Watch Dogs».

– Maska er eit kult konsept. Slik konseptet har vore til no så har skjerfet fylgt ein trilogi gjennom musikken. I den trilogien avsluttar me no konseptet.

Alan Walker

MØRK: Alan Walker slik han har opptredd på fleire internasjonale scenar det siste året. Her under X Games i Oslo.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Avsluttar trilogien

For maska har vore eit gjennomgåande tema i musikkvideoane til den engelskfødde artisten. I musikkvideoen til Walkers tredje låt «Alone», som pressa fekk ein smakebit av onsdag, tek artisten av seg skjerfet.

Låten er ei slags avslutning på ein trilogi i dei tre låtane, og då vil også historia kring den mystiske maska koma meir til syne.

«Alone» skal sleppast på tampen av året. Vokalisten er den svenske låtskrivaren og artisten Noonie Bao.

– Er skjerfet vekke for godt?

– Ikkje permanent, men mellombels, seier Walker utan å røpa for mykje.

– Så det blir spanande å opna nye dører for Alan Walker og utforska litt.

Alan Walker

PREMIERE: Alan Walker gav dei frammøtte ein smakebit av Walkers nyaste låt, «Alone», som vert lansert på tampen av året.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Heimkomst før jul

I sommar varma den bergenske EMD-artisten opp for Rihanna i Glasgow og München. To dagar før julaftan gjer sin konsertdebut i heimbyen Bergen. 19-åringen håpar å fylla storsalen på USF Verftet.

– Det har gått eit år sidan me slepte «Faded» og eg har enno ikkje spela i Bergen. Det blir utruleg å endeleg få denne moglegheita. Å spela for heimbyen blir truleg det mest unike eg har gjort hittil.