Hopp til innhold

- Asylborn kan få livet øydelagd

Biskop tek oppgjer med norsk asylpolitikk. Meiner det er borna som vert skadelidande.

Simon og faren Fkade Thaye bur i Bari

Niåringen Simon og faren vart sendt ut av Norge til byen Bari i Italia som var det første landet dei to kom til som flyktningar. Dei seier dei måtte bu under open himmel i Italia, og at dei ikkje vart teken omsyn til av Italienske myndigheiter. Biskopen i Bjørgvin meiner born vert råka hardast av ein streng asylpolitikk i Norge.

Foto: Privat

- Norsk asylpolitikk er for streng og bør mjukast opp, spesielt i forhold til borna,

Simon (9) og faren Fkadu Thaye

Simon (9) og faren Fkadu Thaye

Foto: Anita Uberoi / NRK
Ilda

Ilda på åtte år har vore i Norge lenge, og risikerer å bli sendt ut av landet med familien sin.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Halvor Nordhaug

Biskop Halvor Nordhaug er redd asylpolitikken Norge har kan traumatisere born.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX
Ni år gamle Simon

Simon forstår ikkje kvifor han ikkje kan bu i Norge slik som venen hans gjer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Simon i vindauget

Engasjementet for asylsøkjarane har vore stort, spesielt i Florø der dei gjekk i fakkeltog for Simon og faren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

seier biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin.

Fleire og fleire kritiske røyster

Dermed sluttar bjørgvinbiskopen seg til alle dei røystene som siste tida har teke til ord for betre behandling av norske asyl-born.

FN har kritisert Norge for behandlinga av asylborna. Det har også «Redd Barna Ungdom» gjort.

Mange historier

Vi kjenner historia til eritreiske Simon i Florø som måtte ut etter 1,5 år i Norge der han har lært seg norsk, fått gode vener og kjenner seg trygg.
15 år gamle Jawana frå Sri Lanke fekk avslag etter fire år i Førde. No har skulekameratane starta underskriftsaksjon for å vise kor urettferdig og gale dei synest det er.

Åtte år gamle Ilda frå Kososvo fekk nyleg avslag ette 2 år i Norge. Ho veit ikkje kva framtida vil gje henne av tryggleik. For foreldra hennar er psykisk sjuke, men norske styresmakter meiner dei ikkje skal vere i Norge.

Borna rivne vekk frå tryggleiken

Hovudkritikken er lang sakshandsamingstid som gjer at born med vanskeleg fortid blir rivne opp av norske miljø som dei er integrerte i.

Barneombod Reidar Hjerman meiner også at styresmaktene no må vurdere regelverket for borna som sit i asyl i Norge.

- Om dei har budd lenge i Norge og er blitt ein del av det norske samfunnet

- Ja, det er eg samd i, seier biskopen.

Engasjert biskop

Det er ikkje første gongen at Nordhaug engasjerer seg i asylsaker.

Den såkalla «Simon-saka» i Florø fekk mykje merksemd, og biskopen var i haust tydeleg på at barne-konvensjonen burde gå framføre Dublin-konvensjonen som sa at han og faren måtte tilbake til Italia.

Avdelingsdirektør Hanne Jendal i UDI vedgår at barna sitt beste ikkje alltid når opp.

- Vi kan la innvandringspolitiske omsyn gå framføre bornas beste nokre gonger, seier ho.

- Borna vert traumatiserte

Biskop nordhaug innser likevel at UDI må drive ein vanskeleg balansegang.

- Eg meiner samfunnet sin grunnleggande lojalitet skal ligge hjå borna. Dei kan få livet øydelagt faktisk om barndomen vert traumatisk. I nokre saker er det openbert at borna sitt beste bør gå framføre asylpolitikken, seier biskopen.