Hopp til innhold

- Simon har blitt hersa med

Kyrkja kastar seg inn i kampen for at Simon skal få bli i Norge.

Ni år gamle Simon
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Historia til ni år gamle Simon Thaye frå Eritrea har gjort sterkt inntrykk på biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug.

– Eg synest det er forferdeleg korleis han har blitt hersa med av styresmaktene. Sjølv om ein ikkje kan plassere ansvaret på norske styresmakter og seie at dei har gjort noko gale, er resultatet ganske håplaust, meiner Nordhaug.

Går mot Dublin-konvensjonen

Nordhaug støttar difor kravet om at ni-åringen og faren hans Fkadu Thaye skal få bli i Norge trass i at det bryt med internasjonale avtaler.

– Når dei har vore to år i Norge, synest eg det ligg føre spesielle grunnar til at dei kan få bli i landet på humanitært grunnlag, seier han.

Dublin-konvensjonen slår fast at det er Italia som skal behandle asylsøknaden, sidan Simon og faren hans først søkte opphald der.

Nordhaug støttar seg til både UNICEF og Norsk Folkehjelp som påpeikar at regelverket gjer born til kasteballar.

- I Italia har dei ikkje fått oppfølgjing, og dei to har i praksis blitt kasteballar. Slik kan vi ikkje ha det i Europa, seier Nordhaug.

Glade for støtte

Etter å ha budd i Italia i nesten tre månader, kom Simon og faren hans tilbake til Florø i november og gjekk i kyrkjeasyl.

Støttegruppa for Simon håpar at engasjementet frå kyrkja fører til at norske styresmakter gjev asylsøkjarane opphald i Norge.

– Eg er veldig glad for at dei støttar oss. Det er viktig for oss å få støtte frå kyrkja, seier Amir Payan som er talsperson for støttegruppa.

Trass i at biskopen flaggar eit klart standpunkt om at Simon og faren hans må få opphald på humanitært grunnlag, avviser han at kyrkja fører sin eigen asylpolitikk.

– Det ville ha vore meir problematisk viss kyrkja ikkje hadde noko engasjement for menneske i naud, seier Halvor Nordhaug.