Knutepunktsordninga har eksistert sidan 1992. I dag har denne ordninga blitt ei rein festivalstøtteordning, meiner Arnestad.
I Sogn og Fjordane er Førdefestivalen og Norsk Countrytreff på Breim knutepunktfestivalar.
- LES OGSÅ:
– Må sjåast nærare på
Tidlegare i sommar fekk Norsk Countrytreff på Breim kritikk for å ikkje har forvalta sitt ansvar som knutepunktfestival. Arnestad meiner heile ordninga bør sjåast nærare på.
– Ordninga var i utgangspunktet meint å vere ei støtteordning for nøkkelinstitusjonar innanfor kulturliv som skulle ha eit slikt ansvar. I dag er denne ordninga blitt ei rein festivalstøtteordning, og den inkluderar i alt seksten festivalar, der tolv av dei er musikkfestivalar. Ordninga har skifta, og blitt noko anna enn det som var tenkt, seier Arnestad.
Kulturdepartementet evaluerer jamnleg knutepunktfestivalane, men Arnestad meiner det er problematisk at resultata frå desse evalueringane er unnateke offentlegheit.
– Kritikken som kjem frå festivalar som ikkje er knutepunkt, tyder på at ordninga slett ikkje alltid fungerar slik som intensjonen er og har vore. Difor er det behov for å sjå på heile ordninga, gjerne av folk utanifrå. Departementet får vurdere kvart enkelt knutepunkt, men då synest eg dei burde gjere den offentleg, seier Arnestad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner prosessen er open
Statssekretær Kjersti Stenseng i kulturdepartementet meiner derimot at evalueringa som har blitt gjort av Kulturrådet har vore ein veldig open prosess.
Ho ser at ikkje alle knutepunktfestivalar er like flinke til å dele kompetanse og erfaringar, og at det nettopp det evalueringane er der for.
– Det er opne prosessar. Dei andre festivalane er jo invitert inn og er med på sjølve evalueringa, seier Stenseng.
– Eg meiner ordninga er veldig god politikk, og har bidrege til at vi har fått bygd opp sterke aktørar over heile landet. For heile festivalfeltet er det viktig at ein har nokre sterke knutepunkt som er med på å bygge opp kompetanse og heve det kunstneriske nivået, seier ho.
– Bør sjå på festivalstøtta
Arnestad meiner det også er eit poeng at det berre er festivalar som kjem under knutepunktsordninga i dag.
– Det var ikkje intensjonen. Det er behov for å sjå denne knutepunktordninga også i samanheng med andre støtteordningar i festivalnorge, seier han.
– I staden for å berre ha fokus på kritikken mot knutepunktordninga, så er det viktig å sjå på festivalstøtta, og korleis den fungerer. Eg trur at vegen å gå er å få ei meir førutsigbar festivalstøtte. Det som knutepunktfestivalane har musklar til å gjere økonomisk, det bør komme dei andre festivalane til gode i større grad enn i dag.
– Meiner du ordninga er god nok i dag?
– Eg ser behovet for å få ein tettare dialog med knutepunktfestivalane om korleis dei oppfattar oppdraget sitt. Men eg meiner ordninga er god. Festivalnorge treng knutepunktfestivalar, og eg trur dei har vore heilt avgjerande i forhold til at festival som sjanger er ein så stor del av kulturlivet i Norge, seier Stenseng.