– Slik som eg ser det, so er det ein god søknad, so eg trur at dei ligg veldig godt an, seier Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, om søknaden til Norsk Countrytreff i Breim.
Tøff konkurranse
Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Foto: Bjørn Ivar Voll / NRKCountryfestivalen på Seljord og Country Music festival på Vinstra og Breim søkte alle om Kulturdepartementet om å få knutepunktstatus.
Etter det NRK kjenner til er det berre to av dei som vert vurdert seriøst av kulturminister Anniken Huitfeldt. Blant dei er Breim.
Ein løyndomsfull statssekretær i Kulturdepartementet, Lubna Jaffery, held korta tett til brystet, men seier at dei vil avsløra det i statsbudsjettet.
– Dette er viktig
Knutepunktfestivalen skal vere ein leiande festival innan sit område i Noreg. Statusen gir statlege overføringar over statsbudsjettet, og Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjer dei det dei kan for at Breim skal vinne sluttspurten. Fylkeskommunen har sett av ein halv million årleg til festivalen i åra som kjem, til deira del av rekninga.
– Då sender me eit signal inn til Stortinget og regjeringa om at me er med og at me ser på dette som viktig, seier Erikstad.
Om Breim får status som knutepunktfestival kan dei få tilskot på mellom ein og to millionar, der staten stiller med 60 prosent av pengane.
Ministeren kjem til Breim
Kulturminister Anniken Huitfeldt
Foto: Morten Holm / ScanpixNår festivalen vert arrangert neste helg, er det første gang ein kulturminister er på countryfestival.
– Eg veit at Huitfeldt gler seg veldig til å koma til Breim, og å få oppleva den fantastiske festen det er, seier Lubna Jaffery i departementet.
– Når statsråden sjølv kjem til Breim, so betyr det at ho veldig seriøst vurderer at Breim ligg godt an, og eg tek det som eit positivt signal, seier Erikstad i fylkeskommunen.