Hopp til innhold

«Gåsehuddamene» har bada kvar veke i 15 år: – Kald sjø gjev positiv energi

FLORØ: «Gåsehuddamene» har drive med vinterbading i 15 år. Jo kaldare det er, desto betre er det, meiner dei.

Gåsehuddamene badar ute året rundt i Florø. Det har dei gjort i 15 år.

KALDT: Sjå «Gåsehuddamene» i Florø kaste seg i vatnet, midt på vinteren. Foto: Trine Svanholm Misje. Redigering: Sjur Mikal Dolve.

– Vinterbading er faktisk heilt nydeleg. Og jo kaldare det er i sjøen, jo meir positiv energi får du, seier Wenche Gulestø Hermansen.

Det er onsdag ettermiddag. Det er vinter og sola er på veg ned. For mange kallar sofakroken etter ein lang dag på jobb.

Men for denne gjengen kallar havet.

Det gjer ingenting at det er ruskevêr og berre fire grader i sjøen. Ein etter ein kastar dei seg uti det kalde vatnet, utan å nøle. Dei tek nokre symjetak, hoiar og ler, og etter eit par minutt set dei kursen mot land igjen. Vekas bad er over og energilageret er fylt opp.

– Den gode kjensla får ein best når ein badar på vinteren, seier Hermansen.

Gåsehuddamene gjer seg klare for bading

GJER SEG KLARE: Solveig Willis (t.v.), Wenche Gulestø Hermansen og Ann-Jeanette Mølster gjer seg klare til å hoppe i havet.

Foto: SJUR MIKAL DOLVE

– Ingen ville feige ut

Det var ein haustdag for rundt 15 år sidan at dei såkalla Gåsehuddamene først fann ut at dei skulle bade i sjøen, sjølv om sommaren var over.

Etter deira vante symjetur i bassenget på badeanlegget Havhesten, vart det foreslått at dei skulle gå ned på bryggja og hoppe i sjøen. Dette vart starten på ein ny, fast aktivitet.

– Ingen ville feige ut, ingen ville seie at det byrja å bli for kaldt. Så då berre fortsette me. Det er omtrent 15 år sidan, seier Hermansen.

Sidan den gong har dei bada fast minst èin gong i veka. Og dei har ikkje tenkt å gje seg med det første.

– Me kjem til å halde på til me døyr. Det trur eg!

Gåsehuddamene badar

BADEGLADE: «Gåsehuddamene» badar uansett vêr.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Ingen påviste helseeffektar

Badegjengen seier dei har trua på at vinterbading har positiv innverknad på helsa, om enn i kombinasjon med ein dagleg dose tran.

Overlege Dag Jone Fadnes ved Førde Sentralsjukehus seier at det ikkje er påvist om vinterbading har positive eller negative konsekvensar for helsa. Men så lenge ein kler seg godt etterpå og aldri badar åleine, meiner han at vinterbading kan vere ein fin aktivitet for folk flest.

Det er likevel enkelte personar som må vere ekstra forsiktig, ifølgje legen.

– Den raske temperaturendringa ein får ved vinterbading kan gje ein stressrespons på kroppen. Dei fleste friske vil tolerere dette bra, men folk med hjarte- og lungesjukdommar vil kanskje kunne lide ein overlast i ein slik situasjon, seier Fadnes.

Difor meiner han at folk med slike sjukdommar helst bør unngå å bade på vinterstid.

Viktig med krabbesikre sko

Gåsehuddamene blir ikkje skremde av verken låge temperaturar eller dårlege vêrforhold. Tvert i mot seier dei at det er ekstra morosamt å bade i snø, sludd eller storm.

– Då får ein ei ekstra god kjensle i etterkant, seier Hermansen.

Heilt fryktlause er dei derimot ikkje. Det kjem nemleg fram at det dei er mest redd for, er krabbane. Og då er det viktig med gode badesko.

– Det må man ha! Det er krabbesikkert, seier Solveig Willis.

Solveig Willis visar fram badeskoen sin.

Solveig Willis viser fram krabbesikre badesko.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK