Hopp til innhold

Slik jobbar utanlandske bandar

Aldri før har så mange utanlandske bandar herja rundt om i landet. Dei brukar moderne utstyr, dei stel bilar som dei brukar under innbrota, og dei legg ikkje igjen spor etter seg.

Innbrot i Førde

GROVE INNBROT: Det har vore ein kraftig auke i grove innbrot over heile Norge den siste tida. Mykjer tyder på at kriminaliteten er organisert frå utlandet. Biletet er frå eit innbrot i ein fotobutikk i Førde.

Foto: Rune Fossum/NRK

Utanlandske tjuveribandar har blitt så velorganiserte og profesjonelle at politiet slit med oppklare sakene.

Kripos har no granska mange av innbrota til dei austeuropeiske bandane, og dei ser eit mønster som er urovekkande profesjonelt.

Berre i Sogn og Fjordane vart det i fjor registrert over 70 tjuveri, som politiet set i samanheng med profesjonelle bandar.

Legg ikkje igjen spor

I august i fjor braut utanlandske vinningskriminelle seg inn i gullsmedbutikken til Harald Fagerstrand på Nordfjordeid, og stal gull og sølv for ein halv million kroner.

– Du føler deg tom innvending, og som om det er nokon som trakkar på deg. Eg har vel nesten ikkje gull igjen, sa Fagerstrand etter innbrotet.

– Dette er i høg grad organisert verksemd som er profesjonelt utført. Dei legg sjeldan igjen spor på åstaden der dei har operert, seier politiadvokat Gordon Petterson i Kripos.

Kjem frå Litauen, Polen og Romania

Dei siste åra har det vore ein enorm auke i grove vinningstjuveri, og politiet har indikasjonar på at det er omreisande kriminelle som står for mykje av veksten av denne typen brotsverk.

Dei utanlandske tjuvane er oftast ute etter gull, pengar og andre verdisaker - og dei bryt seg inn i både butikkar og hus.

Det er kriminelle frå litauen, polen og romania som dominerer. Dei brukar moderne utstyr, og dei får ofte kvinner til å oppsøkje og ta bilete av butikkar før brekka vert gjennomførte.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Grovt innbrot i Eid

HERJA PÅ NORDFJORDEID: Slik såg det ut, etter at tjuvane hadde vore på ferde i gullsmedbutikken på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

Bryt seg inn gjennom tak og veggar

– Dei organiserer verksemda i celler eller grupperingar, som utfører ulike oppgåver. Nokon gjer forundersøkingar, nokon står for sjølve gjennomføringa, andre står for transporteringa av stole gods ut av Norge, samstundes som det er eit mottakarapparat i heimlandet, fortel Petterson.

– Tjuvane tek seg gjerne gjennom tak og veggar. Dei må ha inngåande kjennskap til konstruksjonen til bygningane, og kor alarmsensorane er plasserte. Det vitnar om profesjonalitet og nøye planlegging.

I mange tilfelle stel dei norskregistrerte bilar for å ikkje tiltrekkje seg merksemd.

– Det er ein måte å villeie merksemd. Tidlegare brukte dei eigne bilar med utanlandske kjennemerke. No brukar dei norske bilar, som dei kun brukar i samband med det grove tjuveriet, og kvittar seg med bilane etterpå. Det gjer oppklaringa vanskelegare, seier Petterson.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Gordon Petterson, politiadvokat i Kripos

KRIPOS: Politiadvokat Gordon Petterson

Foto: Helge Tvedten / NRK

Litauarar for retten etter Eid-innbrot

I Eid meiner politiet dei har teke tjuvane som braut seg inn i gullsmedbutikken ei natt i august. I førre veke vart dei to litauarane stilte for retten.

Gode vitneobservasjonar var avgjerande, og førte til pågriping etter kort tid. Dommen i saka mot dei to litauarane fell denne veka.