Hopp til innhold

Tipsflaum om utanlandske bilar

Sterkt fokus på mobile vinningskriminelle frå Aust-Europa har ført til kraftig auke i tips om utanlandske bilar.

Politiet i Førde stoggar utanlandsk bil

Bilete er frå ein bil som politiet i Førde kontrollerte tidlegare i år.

Foto: MMS-tipsar

Det får NRK stadfestar hjå politiet sin operasjonssentral i Florø. Også etteretningskoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, Oddvar Lyngset, seier tipsa frå publikum er langt fleire enn tidlegare.

- Det er heilt tydeleg at publikum er obs på dette. Dei lokale lensmannskontora får inn fleire meldingar og tips om observasjonar og bevegelse av utanlandske bilar, seier Lyngset.

- Avheng av tips

I helga skjedde det igjen. Over eitt tonn kopar vart stole i Sogndal og Jølster . I Olden forsvann 14 piggdekk på felg . Også her mistenkjer politiet at mobile vinningskriminelle frå Aust-Europa står bak. Men eksempela er langt fleire. I år over 60 berre i Sogn og Fjordane . Lyngset seier dei avheng av tips frå eit observant publikum i sakene.

- Det er ei kjensgjerning at dei byter bilar og personell bevisst for å forvirre politiet. Får vi mest mogleg meldingar om dette, så gjev det oss ein fair sjanse til å kome litt vidare. Det vi får inn her blir også formidla til resten av landet. Om det ikkje kan hjelpe oss lokalt, så kan det hjelpe andre distrikt med å løyse saker, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Video nsps_upload_2009_8_26_17_22_24_3176.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Får fleire tips enn før

Politidistrikta samarbeider i kampen mot kriminelle bandar frå Aust-Europa. Også Kripos er tungt inne i bildet. Men det har vist seg at dei ikkje klarer kampen utan hjelp frå publikum. Og tips får dei i langt større grad enn før.

- Det kan vere bilar som oppfører seg merkeleg, folk som fotograferer eller observerer ulike ting, varebilar på ferjer, bilar på parkeringsplasser. Men det er positivt, seier han.

Tek tipsa seriøst

For ofte slår bandane til på kveld og nattetid, utanom politiet si vanlege arbeidstid. Men på eit tidspunkt der Ola og Kari Nordmann framleis er på vegane. Og ofte er bandane på rekognosering, før dei slår til nokre dagar eller veker seinare.

- Det er klart at tipsa må settast inn i samanheng og vurderast, men uansett blir alle tips vurdert seriøst. Ser ein på det som interessant, så rykkjer ein ut, held han fram.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_8_26_17_23_30_3177.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tips fører til pågriping

Tips frå publikum om mistenksame bilar har resultert i fleire pågripingar på landsbasis. Det kan også vere verd å merke seg at bandane også kan operere med norske stolne skilt på bilane. Utfordringa er ofte å knyte pågripne til kriminelle handlingar.

I Sogn og Fjordane har to litauarar site varetektsfengsla i sju veker etter innbrotet i smykkeforretningen Monrad Johnsen Eftf. på Nordfjordeid. Tips frå publikum var heilt avgjerande for pågripinga. I ettertid knyter DNA-spor litauarane til innbrotet der smykker for ein halv million kroner vart stolen.

Kan vere farleg

Om politiet treng hjelp frå publikum, så er det ei grense publikum ikkje bør overstige. Etterretningskoordinatoren frårår at publikum tek saka i eigne hender, slik som ein gjorde i Gulen der fire polakkar vart pågripen med bilen full i båtmotorar. To av dei vart pågripne av lokalbefolkninga.

- Utgangspunktet for publikum er å varsle politiet og vere forsiktig med kva ein gjer sjølv. Meir eller mindre borgarvern, kan vere farleg, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Alle er ikkje kriminelle

Lyngset presiserer at ikkje alle utlendingar på reis i Sogn og Fjordane er knytt til kriminelle bandar. Etterretningskoordinatoren seier dei alltid vurderer tipsa før dei eventuelt rykkjer ut.

- Faren vi ser er at nesten alle utlendingar kan bli stigmatisert. Det er ikkje det vi vil, men vi vonar at folk held fram med å tipse. Det er vi heilt avhengige av. Men det må vere ein spesiell situasjon, til dømes måten dei oppfører seg på, som vekkjer grunn til mistanke, seier han.