– Vegen opnar tidlegast måndag

BREMANGER (NRK:) Raset på fylkesveg 616 råkar beredskapen i kommunen. Politiet må vere kreative dersom det oppstår ein situasjon i ytre del av kommunen.

Steinraset i Bremanger

STORE BLOKKER: Raset er høgt og breitt, og steinblokkene store. Steinane tok med seg rassikringa i fjellsida.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Etter det vi veit no får vi opna vegen igjen tidlegast måndag, seier Tone Anette Espe, seksjonsleiar for Sogn og Fjordane i Statens Vegvesen.

Ho seier dei vil bruke helga på å gå over raset og starte ryddearbeidet.

– Det er for tidleg å seie om det kan drøye. Geologen på staden må få gjort sin jobb, slik at vi veit om det er sikkert å byrje på ryddearbeidet.

Politiet kjem seg ikkje over raset

Det var torsdag kveld at eit stort steinras stengde fylkesveg 616 i Bremanger, vest for Skatestraumtunnelen.

Det råkar også beredskapen i kommunen.

– Vegen er stengt, også for oss. Så vi har ikkje moglegheit å ta oss forbi der fysisk. Ikkje med bil i alle fall, seier lensmann Espen Gulliksen i Bremanger.

Operasjonsleiar Olaug Holme i Politiet fortel at dei er avhengig av båt, dersom noko skulle skje. Nærmaste politibåt ligg i Bergen, men Politiet har andre løysingar.

– Vi har avtale med skyssbåt frå Florø. Då er det Politiet derifrå som må rykke ut. Det er nok det raskaste. Politiassistanse frå Florø er ikkje uvanleg i dette området, forklarer ho.

Trass i utfordringane er ikkje lensmannen i kommunen uroa over beredskapen, men seier likevel at situasjonen ikkje er heldig.

Geolog Jens Tveit

GEOLOG: Jens Tveit var på rasstaden fredag og sjekka rasområdet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Optimalt er det ikkje, men vi skal nok klare å kome oss dit, om det skjer noko. Vi er flinke å finne løysingar, seier Gulliksen.

I området raset gjekk har det hengt eit rassikringsnett, men det var ikkje laga for steinras.

– Nettet du ser her er eit nett som skal stoppe is og ikkje ras. Då dei sikra denne fjellveggen var det nok vanskeleg å sjå at det kunne komme eit steinras, seier geolog Jens Tveit.

Laster kart, vennligst vent...

Brannvesen og ambulanse på plass

Ambulansen til bygdene Bremanger, Berle og Kalvåg var i Førde på oppdrag då det raste. Den måtte difor bli frakta tilbake til ytre Bremanger med båt til Kalvåg.

Kommunen er også godt utstyrt med brannberedskap.

– Vi er i den heldig situasjon at vi har brannstasjon og mannskap både i Kalvåg og Bremanger. Så vi er godt skodd også i ytre-Bremanger, seier brannvakt i Bremanger, Frank Ommedal.

Heller ikkje han er uroa.

– Beredskap var eit tema i går då raset skjedde. Eg vil seie vi har god kontroll.