Hopp til innhold

Stort steinras sperrar fylkesveg

Eit stort steinras stenger fylkesveg 616 i Bremanger. Vegen vil ikkje opne før tidlegast fredag.

Ras

STORT RAS: Raset er på mellom 25 meter breitt og fem meter høgt.

Foto: LINDA STENSETH

– Det har gått eit stein- og jordras som skal vere 25 meter langt og fem meter høgt, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Det var bilistar som melde frå om hendinga. Politiet er på staden no og trur ingen er tekne av raset.

– Det er ikkje noko som tyder på at nokon er tatt av raset, seier Holme.

Viggo Igland står ved rasstaden.

– Det er store mengder med stein i vegbana. Det er framleis nokre steinar som ramlar ned. Vi har varsla vegmeldingssentralen, seier han.

Vegen opnar ikkje i dag, og vil truleg heller ikkje opne i morgon.

– Dette er eit stort ras. Geolog vil vere på plass til i morgon tidleg. Når raset er så stort kan det ta si tid før det vert rydda, men vi får nok eit svar frå geologen ut på føremiddagen i morgon, seier Kjetil Molvær, som er trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Ras

RAS VED SKATESTRAUMTUNNELEN: Ved Klubben-sida av Skatestraumtunnelen har det gått eit stort steinras.

Foto: KIRSTEN HAVNEN

Ambulansen står i Førde

Ytre Bremanger er isolert etter at eit stort steinras sperrar for vegen vest for Skatestraumtunnelen i Bremanger. Ambulansen til bygdene Bremanger, Berle og Kalvåg står i Førde, og gjer at desse no står utan bilambulanse.

– Ambulansen skal til Florø etter enda oppdrag. Der vil den bli frakta til Smørhamn i Bremanger med ein båt som fraktar bilar, seier ambulansesjef Stian Sægrov.

– Korleis skal ambulansen komme seg frå desse bygdene og til sjukehuset i Førde?

– Då vil ambulansen køyre til Kalvåg og pasienten bli frakta med ambulansebåt, seier Sægrov.

Steinras

STENGER TUNNEL: Steinraset stenger den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger kommune.

Foto: PER RØYS

– Flaks at det ikkje gjekk liv

Bremanger-ordførar Audun Åge Røys måtte sjølv ta turen til rasstaden for å sjå det med eigne auge.

– Det er ein stor haug med stein som ligg nær tunnelopninga. Det er ein del trafikk her om ettermiddagen, så det er truleg litt flaks at det ikkje gjekk menneskeliv, seier han.

Kommunen vil førebels ikkje sette inn båt for å korte ned reisetida for omkøyringsvegen.

– Innbyggjarane må bruke ferjene som omkøyringsveg, så får vi heller sjå det an i morgon. Blir vegen stengt lenge, må vi vurdere å sette inn båt, seier Røys.

Steinras Bremanger