Det hevdar Sogn Avis tysdag ettermiddag. Udjus skal ifølgje avisa ha skrive under ein intensjonsavtale med Romeriks-klubben.
– Dette har eg ingen kommentar til, seier Udjus sin agent, Tore Pedersen, til Sogn Avis.
RBK prøvde seg
Til NRK seier Pedersen at han ikkje ønskjer å kommentere saka, og syner til den sportslege leiinga i Sogndal og Lillestrøm.
Nyleg vart det kjend at Rosenborg ønska å henta inn Udjus alt dette overgangsvindauga, men sørlendingen valde då å bli verande i Sogndal ut denne sesongen.
- LES OGSÅ:
Vil ikkje stadfeste
Ryktene om ein mogleg overgang for Udjus har svirra ei tid på Fosshaugane, men ingen i leiinga i Sogndal Fotball vil avkrefte eller stadfeste avtalen som skal vere inngått.
– Dette ønskjer eg ikkje å kommentere, i alle fall ikkje før noko eventuelt ligg skriftleg på bordet, seier assistenttrenar i Sogndal, Håvard Flo.
Heller ikkje i Lillestrøm ønskjer dei førebels å seie noko om den påståtte avtalen med Kenneth Udjus.
– Dette har vi ingen kommentar til, og vi kan verken avkrefte eller stadfeste at dette er tilfelle, seier mediesjef i LSK, Ole Kristian Bakkene, til NRK.
Hødd-målvakt på veg?
Sidan Udjus etter alle solemerke forsvinn austover etter sesongen, skal Sogndal no vere i gang med å sondere marknaden for ein ny førstekeeper.
- LES OGSÅ:
– Ørjan Nyland (21) frå Hødd og Strømmens jamaicanske sisteskanse Duwayne Kerr (25) skal vera namn Sogndal følgjer ekstra tett, skriv Sogn Avis.