Hopp til innhold

– Tilliten til regjeringa er borte for mange i KrF

Hordaland KrF går hardt ut mot regjeringa for å sakene til dei utsende asylbarna behandla på ny.

Anders Anundsen

– RØYNER PÅ TILLITEN: Justisminister Anders Anundsen og resten av regjeringa haustar kritikk frå Knut Arild Hareides fylkeslag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Justisminister Anders Anundsen har fått kraftig kritikk frå fleire fylkeslag i Venstre og KrF for å ha sendt ut asylbarn som har budd lenge i Noreg.

På årsmøtet i helga tek KrF-leiar Knut Arild Hareides fylkeslag i Hordaland stilling til to forslag knytt til regjeringas behandling av dei utsende asylbarna.

– Tilliten til regjeringa er sjølvsagt veldig tynnsliten. Ein god del personar i KrF vil nok seie at den er borte, seier leiar for resolusjonskomitéen, Beate Husa.

LES OGSÅ: – Kan ikke utelukke mistillit til Anundsen

Fremjar mistillitsforslag mot justisministeren

I eitt av resolusjonsforslaga tek lokallagsleiar i Meland KrF, Stian Lavik, til orde for at justisminister Anders Anundsen (Frp) ikkje kan halde fram som statsråd etter behandlinga av asylbarn-sakene, skriv avisa Dagen.

– Det ville vere klokt å vurdere endringar i regjeringa, seier Lavik til NRK.

– Dette er ein reell reaksjon frå mange på grasrotnivå i partiet, og eit klart tillitsbrot som må ryddast opp i, seier han.

LES OGSÅ: – Vi burde gjort ting på en annen måte

Ber regjeringa vurdere asylbarn-sakene på ny

Onsdag kveld fremja komiteen resolusjonen «Hent barna heim», som også blir behandla på årsmøtet.

Den går ikkje like langt som Laviks forslag, men krev at regjeringa på ny vurderer sakene til dei utsende asylbarna.

KrF syner til avtalen partiet saman med Venstre gjorde med Solberg-regjeringa.

– Skulle det syne seg at desse sakene er behandla i tråd med samarbeidsavtalen vår, er det sjølvsagt greitt. Men skulle det syne seg at ein del av desse sakene eigentleg skulle ha hatt eit anna utfall, vil det vere i justisministeren og alles interesse å bøte på skaden som har skjedd, meiner Husa.

– Har regjeringa brote avtalen?

– Det vil eg overlate til partileiarane å svare på. Men det er i alle fall ei oppleving av at ein i stor grad har latt vere å trykke på i høve til avtalen som blei gjort med KrF og Venstre. Det er mykje frustrasjon og eit stort engasjement i KrF i samband med denne saka, og det mange meiner kan sjå ut som eit avtalebrot.

LES OGSÅ: Utelukker ikke retur av feilutsendte asylbarn