Eit samla stadion gav Mats Solheim sin hyllest då han takka for seg etter siste serierunde i går.
– Eg elskar klubben og supporterane, seier stryningen til NRK.
Tapte gullkampen
Det gjekk ikkje vegen for Mats Solheim og Hammarby trass i at dei vann 4–1 i den siste serierunden i Allsvenskan, laurdag. Laget som kjempa om gullet, i det som omtalast som ein historisk tett gullkamp, enda til slutt på 3. plass på tabellen.
Stryningen, som hadde eit håp om å ta gull, var passeleg nøgd med utfallet etter kampslutt.
– Det har vore ein fantastisk sesong, men det er klart at me sit igjen med ein liten bismak då me får heile 65 poeng, og endar på 3. plass til slutt.
For berre to år sidan enda Malmø opp med gullet, med eit poeng mindre. Men sjølv om skuffelsen er stor, så vel Solheim å sjå positivt på det.
– Me får ta med oss at me trass alt fekk europaplass, og sat målrekord i Allsvenskan denne sesongen, seier han.
Sist gong Hammarby spelte i Europa var i sesongen 2007/2008.
Emosjonelt
Den siste scoringa i 4–1 sigeren var det Solheim sjølv som stod for.
– Det var fint å gjere det siste målet for året på heimebane, i det som truleg vert min siste kamp her.
Solheim, som har vore i klubben i fem sesongar, fortel at det vart eit veldig spesielt augneblikk då han scora det siste målet.
– Heile stadion ropte «Solheim, Solheim». Det var veldig emosjonelt og fint, seier eit rørt Solheim.