Hopp til innhold

Åtte nordmenn i historisk tett gullkamp

– Det blir litt av ein thriller. Det er heilt uråd å vite korleis det endar, seier Hammarby-spelar Mats Solheim.

Mats Solheim jublar med lagkameratar i Hammarby etter 2-0 over Malmö.

GULLKAMP: Mats Solheim (fremst) jublar saman med Alexander Kacaniklic og tidlegare Haugesund-spelar Nikola Djurdjic (t.h.) etter at dei for alvor melde seg på i gullkampen med 2-0 over Malmö søndag.

Foto: Andreas L. Eriksson / Bildbyrån

  • Artikkelen var skriven før Djurgården vann 1-0 over IFK Göteborg og tok over tabelltoppen med 62 poeng.

Medrekna lagkamerat Dennis Widgren, som er halvt norsk, er 31-åringen frå Loen ein av åtte nordmenn som står midt i eit historisk tett gulldrama i svensk toppfotball

Berre målskilnaden skil Hammarby, Malmö, Djurgården og AIK.

– Det er spesielt å oppleve 30–35 gonger fleire enn det som bur i Loen, skrike og heie oss fram i kvar kamp, seier Mats Solheim.

– Drama utan sidestykke

Solheim merkar at supporterane ser seriegullet i det fjerne. Stemninga på tribunen er elektrisk, mest som i eit oppgjer mot erkerivalan AIK eller Djurgården.

Joacim Jonsson

DJURGÅRDEN: Joacim Jonsson trur Djurgården stikk av med seriegullet i Sverige. – Dei har det beste utgangspunktet og det beste programmet. Logisk sett trur eg Bråtveit, Ulvestad og Witry hevar trofeet, seier han.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Eurosport sin ekspert på norsk og svensk fotball, Joacim Jonsson, seier avslutninga på Allsvenskan er historisk ttett.

– Djurgården har rett nok ein hengekamp, men fire lag på 59 poeng to rundar før slutt er historisk jamt og eit drama utan sidestykke i svensk fotball, seier han.

Bajen kjenner lukta av gull

I Stockholm er både Hammarby og supporterane deira meir enn klare for å ta sitt første trofé sidan dei vann både cup- og serie i 2001.

Med berre fire tapte poeng på dei siste 15 kampane, har klubben, populært kalla Bajen, snike seg inn i gullkampen.

Ein førebels spenningstopp kom søndag då Hammarby tukta Jo Inge Bergets Malmö 2–0. Etter at Solheim entra bana, fekk dei det ekstra målet dei trengde for å klatre til topps i Allsvenskan.

Laster innhold, vennligst vent..
Mats Solheim

MOTIVERER: – No er det «all in» i to kampar til, så får vi sjå. Vi stressar ikkje, men prøver å hype og motivere kvarandre litt ekstra, seier Mats Solheim.

Foto: Thérese Ny/TT / TT NYHETSBYRÅN

– Det er ekstremt artig. Det er litt same reisa som i fjor, men då låg vi i førarsetet . No kjem vi bakfrå og jaktar på dei andre, seier Mats Solheim. I fjor vart det fjerdeplass.

– Vi går for gull

I kveld kan spenningsnivået nå nye høgder, om Djurgården går på ein smell borte mot IFK Göteborg.

– Djurgården må tape ein kamp, og vi må vinne våre to, for at dette skal gå. Til sist kan målskilnaden bli avgjerande. Vi går for gull, men alt kan skje, seier Solheim.

Laster innhold, vennligst vent..

Jonsson meiner det ikkje er tilfeldig at det er nettopp desse fire klubbane som kjempar om gullet.

– Det er dei mest ressurssterke klubbane, som har funne sin plass i næringskjeda. Dei har utnytta ressursane og føresetnadene til det fulle. Då blir det jamt, seier han og legg til.

Hammarby imponerer

– Så er Malmö kanskje dei med aller størst økonomiske musklar, og som bør vinne serien.

I haust er han likevel mest imponert over Solheim og Hammarby.

– Dei har vore utruleg gode i det siste, og er per dags dato det beste laget. Dei har imponert meg enormt, med ein enorm offensiv kraft i laget, seier Jonsson.

Hammarby gjekk inn i serien med ambisjonar om å kjempe om gullet. To rundar før slutt vedgår Solheim at dei treng litt flaks.

Håpar på smell

– Vi hadde mykje skader og ulike utfordringar i vår, som gjorde at vi kom bakpå. Det er fantastisk at vi har gjeve oss sjølve moglegheita til å bli med heilt inn. No håpar vi Djurgården blir stressa og går på ein smell mot IFK Göteborg.

Jonsson trur Djurgården tek gullet.

– Med ein kamp til gode så har dei best utgangspunkt, og dei har lettast programmet. Eg trur Bråtveit, Ulvestad og Witry er nordmennene som hevar trofeet, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..