NRK fortalde i går historia til Birgitte Viksund
– Fleire får allergitypen
Seksjonsoverlege ved hudpoliklinikken på Haukeland universitetssjukehus Turid Thune, opplever ein auke i talet på pasientar som blir sjuke etter å ha vore i kontakt med MI. Ho er uroa for bruken av stoffet.
Seksjonsoverlege ved hudpoliklinikken på Haukeland universitetssjukehus Turid Thune.
Foto: Thomas Barstad Eckhoff / Den Norske Legeforening– Me har sett ein auke i det siste, og vi har sett ganske mange pasientar med ganske alvorlege eksemreaksjonar på dette stoffet – det gjer oss uroa.
Thune håper ein kan bruke andre typar stoff i produkta.
– Me håpar ein kan finna konserveringsmiddel som gir mindre allergiar. Me trur at årsaka til at me ser fleire allergiar no, er at dei har auka konsentrasjonen av stoffa etter at dei fjerna alle parabener.
– Må vekk
Astma- og allergiforbundet har oppretta ein produktmerkeordning det eit av krava er at produktet ikkje skal innehalda MI.
– Det er inga tvil om at MI er eit svært helseskadeleg stoff. Det ser ein på bilete av Birgitte Viksund. Det kan gi fæle bivirkningar. Det er ikkje første gangen vi ser folk som er så plaga som det ho er. Det er ein ganske vanleg reaksjon på dette stoffet, seier Gunvaldsen.
Kommunikasjonsrådgjevar Lene Gunvaldsen i Astma- og allergiforbundet.
Foto: Astma- og allergiforbundetBirgitte Viksund oppmoda produsentane til å fjerna stoffet, og det er Astma- og allergiforbundet heilt einige i.
– Det er ikkje nødvendig å ha dette stoffet, det finst andre stoff ein kan velja som er mindre helseskadelege. Me ønsker at ein bruker stoff som er miljøvenlege, og ikkje minst helsevenlege, seier Gunvaldsen.
– Inga alternativ
Informasjonssjef i Lilleborg Anne Gjemdal seier det er vanskeleg å erstatta MI med produkt som har tilsvarande funksjon.
Informasjonssjef Anne Gjemdal i Lilleborg.
Foto: Pressebilde– MI er eit preserveringmiddel, og vert nytta for at produkta skal vera trygge i bruk og for å halda oppe kvaliteten gjennom heile levetida til produktet. Preserveringsmidla si oppgåve er å hindra bakterie- og soppvekst og spelar dirfor ei viktig rolle i produktet.
Kva tenkjer dykk om at folk blir sjuke av produkta dykkar?
– Per i dag er det ingen openberre alternativ til MI i dei produkta der me nyttar det som preserveringsmiddel. Når me no høyrer historia til Birgitte Viksund, er det klart at det uroar oss, og me tar det svært alvorleg. Me er difor i dialog med råvareleverandørane, gjer testar og søker etter betre alternativ. seier Gjemdal.