Hopp til innhold

– Ingen pasientflukt til Volda

Helse Førde merkar ingen pasientflyt til Volda slik mange spådde då helseføretaket bygde ned sjukehuset i Eid.

Hans-Johan Breidablikk og Volda sjukehus

MERKAR INGENTING: Hans-Johan Breidablik og Helse Førde merkar ingenting til noko pasientflukt til Volda. Her med Volda sjukehus i bakgrunnen.

Foto: André Pedersen/VG/Scanpix /Helse Sunnmøre

– Dette har vore ei stadig gjentakande sak, og det har vore mange oppslag om at lekkasjen til Volda vil auka, seier Fagdirektør Hans Johan Breidablik.

Men trass i oppslaga: Helse Førde har ikkje merka noko pasientflukt til Volda.

Rett nok har det vore ein auke i talet pasientar frå Nordfjord til Voda. Samanliknar ein perioden januar til august i 2011 og 2012 ser ein at talet har omlag dobla seg.

Frå 60 døgnopphald til 118, frå 41 dagopphald til 103 og frå 344 polikliniske konsultasjonar til 636.

Likevel er dette berre nokre få prosent av den totale pasientbehandlinga. Dei mange tusen pasientane frå Nordfjord blir i 80 til 90 prosent av tilfella behandla innanfor Helse Førde. Dette har det ikkje vore nokon vesentleg endring på.

Ikkje dei fødande

– Heilt inntil nyleg var det ikkje nokon store teikn til at det har skjedd større endringar i pasientflyten, seier Breidablik.

I byrjinga av oktober var det slutt på fødeavdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid. I tillegg vart ortopedien der lagt ned i fjor, mange helsetilsette sa at det kom til å bli ei massiv pasientflukt til Volda.

Breidablik seier at tala ikkje gjeld dei fødande, då det var noko dei hadde planlagd på førehand.

– Tek ikkje feil

Svein Hansen

– TEK IKKJE FEIL: Svein Hansen, leiar i Sjukehusaksjonen Nordfjord.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men Svein Hansen, leiar i Sjukehusaksjonen i Nordfjord, tvilar - og seier at det må vera enkelt å finna ut av kva som er sanninga.

– Det er vel slik at det er adresseliste i talmaterialet deira, og då må det vera enkelt å finna ut kvar folket i frå.

– Eg trur ikkje at me tek feil, seier Hansen. Han meiner framleis at innbyggarane i Nordfjord heller vil reise til Volda når dei har bruk for sjukehus.

– I den praktiske kvardagen, som er det me lyt halde oss til, so er det slik at det er folk reiser dit.

– Men når Helse Førde seier at dei ikkje kan sjå noko slik pasientflukt i sine tal, betyr det at Nordfjordingane ikkje tykkjer graset er grønare på den andre sida av fylkesgrensa.

– Kor graset er grønast skal eg ikkje uttale meg om, men når ein har behov for helsehjelp, so reiser ein dit ein får den beste hjelpa, men også dit det er raskast.

Helse Førde kan ikkje garantera at det ikkje vil skje, men førebels er tala deira tydelege på at pasientflukta uteblir.

– Det er vanskeleg for meg å sei at det ikkje kan skje, men so langt so ser ikkje me nokon teikn på at det har skjedd, seier Breidablik.