Fleire poliklinikkar i Nordfjord

Det er planlagt ei rekkje nye poliklinikkar ved Nordfjord sjukehus. Dette går fram av sakspapir i prosjektet «Framtidas lokalsjukehus».

Nordfjord sjukehus

FLEIRE POLIKLINIKKAR: Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Poliklinikkar innan øyre-nase-hals, nevrologi, ortopedi, eldremedisin og kirurgi er på trappene, seier prosjektleiar Odd Søreide.

Odd Søreide

- TILBOD FOLK HAR BRUK FOR: Prosjektleiar Odd Søreide.

– Dette er polikliniske tenester som vi trur og meiner og kan dokumentere at folk har bruk for.

25 mill. til rusposten

Som kompensasjon for at Nordfjord sjukehus har mista fleire sentrale pasienttilbod, er det sett av 75 millionar i statlege midlar til prosjektet «Framtidas lokalsjukehus». 25 av desse millionane skal gå til drift av rusposten, resten til å utvikle eksisterande og opprette nye sjukehustilbod på Nordfjordeid.

Tilsette ved sentralsjukehuset i Førde blir henta inn som fagfolk, seier Søreide.

– Helse Førde har ansvaret for Nordfjord sjukehus, og det inneber at det tenestetilbodet som blir etablert må skjøttast frå Førde.

– Må sjå heilskapen først

Ordførar Alfred Bjørlo i Eid stiller seg avventande til planane.

– Dette er på ein måte eit positivt første steg, men vi er nøydde til å sjå heilskapen, og vi må vite at dette er planar som gir reell aktivitet, som utnyttar kompetansemiljøet vi har på sjukehuset i dag på ein god måte, og som har ei forankring i den daglege drifta i Helse Førde heilt til topps i styret.

Alfred Bjørlo

AVVENTANDE: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK