Hopp til innhold

– God terapi i å vera saman

I kveld blir det halde minnestund i Kinsarvik kyrkje.

Sogneprest Bjørn Tore Sæle
Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

Fem hordalendingar omkom i ei helikopterulukke i Ullensvang måndag kveld . I kveld blir det arrangert minnestund i Kinsarvik kyrkje.

– Det er mange som ikkje har den næraste tilknytinga til familien, men som likevel kjenner at dette er veldig tungt. Dei har kanskje vennskap og kjennskap til nokon av dei som har vore med i helikopteret. Dette er ei moglegheit til å møtast og dela sorga med kvarandre, seier sokneprest Bjørn Tore Sæle.

Minnestunda skal først og fremst vera ein stad der folk kan møtast.

– Det vil vera rom for stillheit. Me vil ha blomar og lys og symboliserer dei fem som omkom og det vil vera mogleg for folk å tenna lys. Det vil vera musikk og kanskje vil nokon seia nokre ord, seier Sæle.

– Bølgjer av realisme

Det er kort tid sidan ulukka skjedde, og for fleire verkar det framleis veldig uverkeleg.

– Akkurat no er det sjokk og vanskeleg å klara å ta innover seg at det faktisk er sant. Det kjem bølgjer av realisme som skyl inn over ein når ein skjønner. Ein ser stadig nye konsekvensar av det som har skjedd, men ein klarer ikkje å ta alt innover seg på ein gong, seier Sæle.

– Kvifor er det viktig å møtast?

– Det er som regel tyngst å bera ting aleine. Det å vera saman og dela med kvarandre kjennest i alle fall som ei viss trøyst opp i det heile, sjølv om det sjølvsagt ikkje kan gjera opp for sorga som er der, seier soknepresten.

LES OGSÅ: Ordfører reagerer med dyp sorg