Hopp til innhold

– Forboda tenderer mot hysteri

Tiltaka for å avgrense røyking blant nordmenn har vore mange. No kan det bli røykeforbod på alle busshaldeplassar i Hordaland. Professor og storrøykar meiner at dette kan svekke respekten for lova.

Frank Aarebrot

HYSTERI: Professor og storrøykar Frank Aarebrot meiner at forbodsskilta tenderer mot hysteri.

Foto: Siri Løken

Ein har røykelov, røykfrie bedrifter og fjerning av røykerom. Tiltaka for å avgrense røyking blant nordmenn har vore mange. Jernbaneverket har innført røykeforbod på alle sine perrongar og stasjonar. På Bystasjonen i Bergen er det allereie sett opp røyking forbode-skilt.

No kan det bli forbode å røyke på alle busshaldeplassar i Hordaland, og fylkesrådmannen foreslår at det setjast opp skilt i alle busskur.

– Skal ikkje fise i heisen

Professor og storrøykaren Frank Aarebrot meiner at alle forbodsskilta ein får tenderer mot hysteri, men at det er på sin plass å ta omsyn til andre.

– Dei fleste vil vere einig i at ein skal ta omsyn, for ein skal jo liksom ikkje «fise i heisen», forklarar professoren på veg ut for ein av dagens mange røykepausar.

– Tobakk er skadeleg og tobakksrøyk fremmer ikkje folkehelsa, men vi gjer dette på feil måte fordi det kan bidra til svekke respekten for lova. Den røykelukta som røykarar har i kleda sine, kan ein ikkje forby. Den vil medpassasjerar føle både innandørs og utandørs, seier Aarebrot.

Elever ved røykeskilt

DUMT: Beatrice Ilano og Asja Semsic synest ein bør få lov til å røyke ute.

Foto: Siri Løken

– Byrjar å bli ei mobbesak

Fylkesrådmannen vil likevel foreslå røykeforbod i alle buss-skur og på alle terminalar.

– Om du står i eit tett busskur og nokon står og røyker, så er det ubehageleg for dei som ikkje er vane med det eller for dei som reagerer på røyken, det seier Tom Christer Nilsen, fylkesordførar frå Høgre og ikkje-røyker.

Varaordførar og røykaren Tor Woldseth, er lite begeistra for forbodet. Men inne i busskur er det greitt, meiner han.

– Om ein setje opp røykeforbod ute på gata som ikkje har noko helsemessig effekt ovanfor forbipasserande, så byrjar det å bli ei mobbesak, seier Woldseth.

Skuleelevane Beatrice og Asja ventar på bussen og bak benken der dei sit er det sett opp røyking forbode-merke.

– Vi synest det er dumt at dei ikkje får lov å røyke når ein er ute. Vi forstår at det ikkje er lov inne på sentralen eller på eit kjøpesenter, men ute må det vere lov, seier dei.