Hopp til innhold

Bestanden av krykkje er kraftig redusert og er no sterkt truga

Før var det millionbestand av dei, men i dag er berre nokre tusen att. Den vesle sjøfuglen kritisk truga og myndigheitene fryktar den skal bli kråkemat i hekketida.

Krykkjer ved krykkjeberget i Måløy

STERKT TRUGA: Mange av dei siste krykkjene i Sør-Noreg hekkar i ei fjellskjering i Måløy.

Foto: Tore Larsen

– For tjue år sidan var det 2000 krykkjepar i tidlegare Vågsøy kommune, og på øya Runde på Sunnmøre var det kring 100 000 par. Desse koloniane er så og sei tomme no, seier Tore Larsen som er rådgjevar hos fylkesmannen i Vestland.

Det har vore to dårlege tiår for fleire sjøfuglartar på Vestlandet. Larsen forklarar at viktige fiskebestandar kollapsa rundt hundreårsskiftet som raskt fekk store ringverknadar oppover i økosystemet.

– Dette har gått spesielt hardt ut over krykkja, som no er å rekne som sterkt truga.

Nærmare folk

Mangel på næring gjer det lite attraktivt for krykkja å hekke. Dette har igjen bidrege til at der kjem færre og færre nye fuglar.

– Det som ein gong var ein millionbestand langs kysten av Noreg er no redusert med om lag 90 prosent, seier Larsen.

Mindre koloniar langs kysten gjorde arten meir sårbar for andre rovfuglar som havørn og falk. No er krykkja stort sett å finne i område nært folk fordi der er færre rovfuglar, forklarar Larsen.

100 av dei 160 krykkjepara som hekka i Noreg sør for Sunnmøre i fjor, heldt til i ei fjellskjering i Måløy. Der flytta dei inn våren for to år sidan.

Krykkjer på Måløybrua

SLO SEG NED: Før krykkjene i Måløy slo seg ned på krykkjeberget, blei mellom anna Måløybrua brukt som hekkestad.

Foto: Tore Larsen

Kan bli kråkemat

Men det har ikkje berre vore fryd å gammen. Ved å flytte nærmare folk har det oppstått nye problem.

– I fjor tok ein ramnefamilie dei fleste krykkjeungane som klekte ut. I tillegg er det mange kråker der. Dei tek også egg og små krykkjeungar.

Larsen seier at dei no jobbar for å bli kvitt kråkene i området før krykkjene kjem tilbake for å hekke. Men då må folk slutte å mate kråkene brød.

– Matinga er sikkert godt meint, men det er ikkje bra med tanke på det som skal kome av krykkjeegg og ungar i kolonien.

Han seier at det gjennom vinteren har blitt lagt ut brød til fuglar i nærleiken av hekkestaden. Dette har lokka til seg mange kråker. No håper han at fôringa vil stoppe opp.

– Det er veldig viktig at vi prøver å ta vare på den hekkeplassen som er der slik at dei ikkje forsvinn heilt.

Krykkjeberget ligg ved kommunen sitt gruslager. Anleggsbrakker for Måløybrua i forgrunnen

HEKKESTAD: Krykkjeberget ligg ved kommunen sitt gruslager. Anleggsbrakker for Måløybrua i forgrunnen

Foto: Tore Larsen