Frå 1. januar er Sogn og Fjordane politidistrikt historie. Sogn og Fjordane er no ein del av Vest politidsitrikt, der Hordaland blir ein storebror, og leiinga av distriktet er lagt til Bergen.
- Les også:
- Les også:
Kaare Songstad er utnemnd til politimeister i det samanslegne distriktet. I dag var han i Florø for å møte dei tilsette der. Ein av dei, administrasjonssjef Trond Aglen, ser litt lysare på framtida etter dette møtet.
– Det har vore eit godt første møte. Vi har fått stadfesta det vi har høyrt, at han er ein inkluderande politimeister, og eg er ikkje så bekymra lenger når det gjeld involveringa og ivaretakinga av dei tilsette i Sogn og Fjordane, og ikkje minst innbyggjarane.
– Har du vore litt uroa fram til du møtte politimeisteren?
– Det er alltid litt spenning, for det første til kven som blir ny politimeister. No har vi fått ein som har vore mange år i eit lite politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland, ikkje så ulikt dei utfordringane vi har her i Sogn og Fjordane.
Songstad har sagt at han vil ta med seg folk frå Sogn og Fjordane i den nye leiargruppa si, og det synest Aglen er bra.
– Dermed er vi med på å påverke oppbygginga av den nye organisasjonen.
Operasjonssentral i to år til
Aglen er og nøgd med at det ikkje er aktuelt å flytte operasjonssentralen frå Florø før om to år.
– Beredskapsmessig er det viktig at vi har ein veldriven operasjonssentral som kan ta seg av det som skjer fram til vi får bygd opp den nye. Vi har mange dyktige medarbeidarar som kjenner Sogn og Fjordane godt, og det er bra at det blir brukt tid på å smelte saman dei to operasjonssentralane.