Hopp til innhold

– Ein svart dag i Hordaland tingrett

På rettsakens andre dag skal politiet vise fram fleire av dei mange hundre bilda som den tiltala mannen tok av sin eigen skadde son.

– Dette er ein svart dag i Hordaland tingrett. Eg kjem til å gråte, seier bistandsadvokat May Britt Løvik.

Mannen står tiltala for grov mishandling av sonen. Guten var 7 år då han vart funnen fastbunden til ei seng i august 2022.

Pressen har referatforbod mot å gjengi innhaldet i bilda. Løvik oppmodar pressa til ikkje å sjå bilda, fordi dei er så grove.

Ifølgje tiltalen kunne skadane vore livstruande for guten, hadde han ikkje fått medisinsk behandling. Mannen er mellom anna tiltala for spark og slag med hand, belte, elektrisk kabel mot bar hud over ulike delar av kroppen.

Hordaland tingrett
Foto: Silje Rognsvåg / NRK