Hopp til innhold

Fannemel kjempar om verdscuprenn

Anders Fannemel kan bli den første skihopparen frå fylket på verdscuplaget i skihopping.

Tom Hilde og Anders Fannemel

AKTUELL: Anders Fannemel er heilt i vasskorpa med tanke på ein plass på vinterens verdscuplag i hopping. I helga kan han bli klar ...

Foto: Hans Henrik Løken/NRK

Heile norgeseliten er denne helga på plass i Oslo for å delta i opningsrennet i Midtstubakken.

Med ei plassering mellom dei seks beste, vil Anders Fannemel vere klar for laget som neste helg hoppar i gang verdscupen i finske Kuusamo.

– I utgangspunktet er eg mest innstilt på å reise til kontinentalcuprennet i Rovaniemi 28. november. Men vi får sjå, seier 20-åringen til Fjordingen.

– Blir spennande

Det vil ikkje vere første gong at Fannemel hoppar verdscuprenn for Norge. I 2009 enda han med ein sensasjonell 10. plass i verdscupdebuten i Lysgårdsbakken på Lillehammer. Då var han ein av fleire hopparar i nasjonal kvote.

Leiar i hopp- og kombinertkomiteen i Sogn og Fjordane, Gunnar Fannemel, kryssar fingrane, men er usikker på om han skal våge å tru at fylket kan få sin første hoppar på eit verdscuplag i helga.

– Det er mange hopparar som er kapable til å levere i eit uttaksrenn, men Anders har bevist at han kan prestere når det gjeld. Det blir spennande, seier han til NRK.no.

– Litt for kort

Midtstubakken er ein hoppbakke med K-punkt 90 meter, noko som svarar til ein bakkestorleik på 106 meter.

– Det er ein liten, men spesiell bakke. Får du vind i mot, så kan små marginar plutseleg få store utslag, seier Fannemel og vedgår at bakken ikkje passer Fannemel særskilt godt.

– Den favoriserer nok ikkje han. Sett over tid passer verdscupbakkane, 120–140 meter og gjerne endå større, betre for Anders, meiner han.

Han er i form

– Men er du i form, så hoppar du bra i alle bakkar. Det er vel ingenting som tyder på at han ikkje er i form, legg han til.

Etter god hopping under sommarens Continental Cup på plast, gjekk sportssjef Clas Brede Bråthen langt i å love honndølen plass på vinterens verdscuplag. Fannemel vart beste nordmann med 6. plass samanlagt.

God overgang

På hoppforbundet si siste rankingliste, er nordfjordingen plassert på tredjeplass. Han er bak Tom Hilde og Johan Remen Evensen, men framfor hopparar som Anders Bardal og Bjørn Einar Romøren.

På same rankinglista er Stig Morten Fredheim (Hafslo) nummer 33, Lorentz Fannemel (Hornindal) nr 86 og Brede Fannemel (Hornindal) nummer 126.

Denne rankinglista får lite å seie i helga. Honndølen meiner at overgangen frå plast til snø har gått bra.

– Ja, veldig bra sjølv om ein får litt anna glidekjensle på snø. Eg er skadefri og den fysiske forma er god, seier han til Fjordingen.