– I ytste konsekvens kan dette bety at liv går tapt. I Vegvesenet har vi ein nullvisjon for drepne i trafikken, og den vil bli svekka av dette forslaget.
Dei sterke orda kjem frå Henny-Kristin Navarsete. Ho er nestleiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL), og representerer over 1000 tilsette i Statens vegvesen i heile landet.
Eit forslag er no ute på høyring, etter at Stortinget allereie har gjort eit såkalla oppmodingsvedtak. Forslaget går ut på dei nye storfylka som står att etter regionreforma skal ta over ansvaret for fylkesvegane. Dette er kring 48 prosent av alle vegar her i landet. Statens vegvesen skal så halde fram med resten av vegane, altså riksvegar og europavegar.
Fylka er allereie dei som eig fylkesvegane, men no kan dei ende opp med å også byggje og vedlikehalde dei.
– Det er ein veldig dårleg ide, fordi det vil splitte opp det gode fagmiljøet som vi i dag har i Vegvesenet, seier Navarsete.
Ho meiner at det er ein stor fordel å ha ei samla eining som kan sjå dei ulike vegnetta i samanheng, og slik fatte gode beslutningar der fylkesvegar, riksvegar og europavegar spelar på lag.
– Grunnen til at vi er best i Europa på trafikktryggleik er ikkje at vi har dei nyaste bilane. Det er heller ikkje fordi vi brukar mest pengar på veg. Grunnen er at vi er det einaste landet som har ei felles eining som jobbar med veg. Det er suksessfaktoren som gjer at vi skil oss ut.
Navarsete meiner at Vegvesenet sitt gode arbeid må ha ein del av æra for å tal på drepne i trafikken er på veg ned, og ho fryktar at ei overføring til fylka vil ta arbeidet fleire år tilbake.
– Dette skal vi klare heilt fint
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) vil ikkje gå med på at fylka vil vere dårlegare til å byggje og drifte vegar enn det staten er.
– Vi kan jo ta over den kompetansen som allereie finst i Statens vegvesen. Eg trur at dette skal vi klare heilt fint, seier Følling.
Ho meiner at det er heilt avgjerande at dei nye storfylka får nye oppgåver og ansvarsområde, og at fylkesvegane passar perfekt.
– Det er jo allereie vi som eig fylkesvegane, og då er det ein veldig underleg måte å gjere det på at vi ikkje også skal drifte dei. Det ville vore mykje betre om vi kunne fått samla kompetansen og eigarskapen på same stad, seier fylkesordføraren.