Hopp til innhold

– Dette har vi frykta heile vegen

HERMANSVERK (NRK): – Mindretalet har frykta dette heile vegen. Det seier fylkespolitikar Alfred Bjørlo frå Venstre om at Havila no varslar søksmål mot Sogn og Fjordane fylkeskommune i Fjord1-saka.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

SOM FRYKTA: Det seier Alfred Bjørlo (V) om det varsla søksmålet mot fylkeskommunen frå Havila.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er i tråd med det mindretalet har vore redd for heile tida, og som vi har sagt kan bli ein konsekvens, seier Bjørlo til NRK.no fredag ettermiddag.

Fylkestinget har i dag vore samla for å handsame lovlegkontroll av Fjord1-salet. Fleirtalet, med 18 mot 13 røyster, har vedteke at vedtaket om å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksar til Torghatten var lovleg og forsvarleg.

Vil krevje erstatning

I starten av møtet vart fylkestingspolitikarane orienterte om at F1, holdingselskapet som held Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar, er stemna av Havila.

Kjernen i saka er at fylkeskommunen i november valde å selje 59 prosent av aksjane i Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Havilafjord meiner fylkeskommunen på ulovleg vis unngjekk retten dei som minoritetseigar hadde til å kjøpe aksjane. I rettssaka vil selskapet krevje at fylkeskommunen blir dømt til å selje til dei.

Havila varsla i går også at dei vil krevje erstatning frå fylkeskommunen, uavhengig av om dei når fram med kravet om å få kjøpe selskapet.

Bjørlo seier mindretalet i fylkestinget har frykta at dette ville skje.

– No blir vi samtidig betrygga frå fleirtalet om at vi er gardert på alle baugar og kantar med at andre vil betale. Det syns vi er ein merkeleg logikk av eit folkevald organ, at vi på eit vis har forsikra oss mot å tape ei rettssak, seier Venstre-politikaren.

Veit lite om innhaldet i søksmålet

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet har dette å seie om at Havila har teke ut stemning mot F1 og vurderer eit søksmål mot fylkeskommunen.

– Vi har vurdert forkjøpsretten Havila meiner å ha i to utgreiingar, og meiner vi er på trygg grunn med den saka vi har no. Men når dei vil prøve den for retten, er det retten som må ta stilling til dette, og vi ventar på ei avgjerd derfrå, seier Følling.

– Kva med eventuelle kostnader?

– Det er heimla i aksjonæravtalen med Torghatten at dei skal ta prosesskostnadane, då det var varsla at eit slikt søksmål kunne kome.

– Også ved eit eventuelt erstatningssøksmål?

– Det er veldig diffust kva det kan handle om, dei har ikkje konkretisert dette, så vi har lite kunnskap om kva det kan bli til der, seier ho.

– Alvorleg

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, seier dei varsla rettsprosessane frå Havila er alvorlege for fleire partar.

– Dette er ein av dei ukjente faktorane som vi meiner ikkje har vore greidd ut godt nok. Det er sagt av konsulentar, fylkesrådmannen og andre at dei har føresett at dette ikkje skulle skje. Men no skjer det. Dette er alvorleg for både fylkeskommunen, Havila og Fjord1, seier Høl.