– Vi har hatt eit veldig bra besøk, det er faktisk den beste påska vi har hatt dei siste ti åra. Vi er utruleg nøgde, seier dagleg leiar Råmund Mundhjeld.
Langfredag var det første dagen med verkeleg flott ver i påsken og folk tok turen til fjellet.
– Eg har aldri sett så mykje folk her i ei påske som det var fredag. Vêret styrer mykje av trafikken og det hjelper på at det er køyrt løyper over fjellet. Sognefjellet har etter kvart også blitt meir tilgjengeleg med brøytte vegar, seier han.
- LES OGSÅ:
Stor utfart – få skader
Men trass mykje folk her og andre stader i fylket, er det meldt om få skader i fjellet. Operativ leiar Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps fortel om ei utruleg flott påske.
– Men vi har hatt få personar å ta oss av. Det har vore nokre mindre skader, men ingen alvorlege. Folk har vist omsyn og vore forsiktige, seier ho.
Dei har hatt 30–40 personar stasjonert på til saman sju stader i fylket. Stort sett har dei vore på plass ved dei anlegga som har vore opne.
– Det har vore stor trafikk, særleg dei dagane det har vore fint ver, fortel ho.
Beredskapsansvarleg Rune Blikken i Norsk Folkehjelp i Årdal fortel også om stor utfart og få skader.
– For vår del har det vore stille og roleg. Vi har hatt rundt 15 personar som har vore på vakt ved Tyinosen, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Slik har påska vore for nettlesarane våre:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: | |