– Eg måtte ut av eit vindauge i andre etasje, via brannstige. Det var kraftig mykje røyk, og vi måtte rett og slett rømme, seier Vibeke Johnsen.
Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane SV, skulle eigentleg på Lo sin sommarpatrulje i Florø i morgon. Men natt til søndag vakna dei av at huset deira stod i full fyr.
Dramatikk
Ho, mannen og sonen hennar hadde lagt seg, og vakna midt på natta av at markisa utanfor soveromsvindauget bråka veldig. Det høyrdest ut som det regna kraftig, og mannen til Vibeke Johnsen gjekk for å sjekke.
– Då han kom inn igjen så brøla han berre til meg at eg måtte komme meg ut, for huset stod i brann, seier Johnsen.
Der var nokre dramatiske minutt der ho sprang for å leite etter ein rømmingsveg. Ned i første etasje kom ho ikkje, for røyken var for tett. Ho forsikra seg om at sonen si seng var tom, før ho kom seg til brannstigen og klatra ned til bakkenivå, med hjelp for nokon som hadde komme til.
– Alt skjedde veldig fort, og det kan det jo gjere når det er brann, seier ho.
Alle tre som var i huset fekk legesjekk av helsepersonell, fordi dei hadde fått i seg så mykje røyk.
Fått mykje omsorg og omtanke
Førebels har familien fått husly hos kjende. At hus og heim er borte for godt er ikkje gått heilt opp for dei enno.
– Det er materielle ting vi har mista, men også minna. Det er sårt. Kva vi skal gjere vidare no med tanke på jobb veit vi ikkje, seier ho.
Fleire strøymde til staden for å sjå på det som skjedde. Johnsen opplevde ikkje det som påtrengande, heller positivt. Folk har bidrege med klede og husly og tilbyr stadig å hjelpe til med det som trengst.
– Det er godt å vere ein del av eit lokalsamfunn og ein vennekrins som stiller opp når det er så dramatisk. Folk har vore utruleg hjelpsame, seier ho.
Takkar naudetatane
Johnsen er utruleg takksam for den jobben brannvesen og andre hjelpepersonell gjorde. No oppmodar ho andre til å bu seg på det aller verste.
– Eg håpar folk sjekkar at dei har brannutstyr og rømmingsvegar i orden. For meg var det avgjerande at eg hadde brannstigen for å komme meg ut, seier Johnsen.
No seier ho dei skal ta ein dag av gangen framover, og er berre takksam for at ingen blei skadd i brannen.