Hopp til innhold

Kriminalteknikar skal undersøke brannstaden

Så snart branntomta er kjølig nok, kjem kriminalteknikarane inn for å prøve å finne ut kva som skjedde då to bustadhus blei totalskadd i brann.

Brann Sogndal

FULL FYR: Naudetatane rykte ut i natt då det tok til å brenne i Sogndal. Brannen spreidde seg frå det eine huset til det andre, og to hus er totalskadd.

Foto: Øivind Emil Grønningsæter

– Kriminalteknikarane kjem mellom klokka 14 og 15 i dag, seier operasjonsleiar, Odd Arve Solvåg i politiet.

Han kallar det eit mødesamt arbeid, som kriminalteknikarane skal starte på i Sogndal i dag. To bustadhus er totalskadd i brannen, og dei skal prøve å finne ut korleis det heile oppstod.

– Dei må no skaffe seg oversikt over åstaden og vurdere kva dei skal gjere vidare. No er vi heilt i starten av etterforskinga og må ha ein brei inngang, seier Solvåg.

Naudetatane mobiliserte

Operasjonsleiaren fortel at det var brannvesen både frå Førde, Sogndal og Leikanger som blei kalla ut for å hjelpe til med sløkkinga. I tillegg var 22 personar frå Røde Kors med, og 15 frå sivilforsvaret. Politiet rykte ut med tre patruljar og det var fem ambulansar på staden.

Ifølge Solvåg var det mange som mintest Lærdalsbrannen då dei var på brannstaden i natt.

– Her var jo mange av dei same folka som var i Lærdal. Så vi tenkte vårt for å seie det slik, seier han.

I starten var det stor fare for at brannen kunne spreie seg enda meir, på grunn av vinden.

Bustadbrann i Sogndal.

TOTALSKADD: To bustadhus er totalskadde. Ein veit enno ikkje skadeomfang på dei nærmaste nabohusa.

Foto: Arve Uglum / NRK

14 evakuerte

Fem personar fekk legesjekk etter å ha pusta inn røyk. Til saman 14 personar blei evakuerte, også frå husa i nærleiken.

– Dei blei samla på ein mottaksstad for evakuerte og fekk seinare tilhald hos venner og kjente, seier Solvåg.

Det er usikkert når dei kan reise tilbake til husa sine, ettersom ein enda ikkje veit skadeomfanget på nabohusa.