Hopp til innhold

– Det finst nokre lurerevar i bransjen

Line Dybedal veit eit og anna om det å skape seg ei artistkarriere. Her gir ho sine beste tips til "The Voice" – Andrea.

Line Dybedal

ERFAREN: Artist Line Dybedal har fleire tips til den nye musikkstjerna Andrea Santiago Stønjum.

Foto: Pressefoto: Karoline Skåre

– Om eg var ho ville eg tatt meg ei lita pustepause no. Så ville eg ha kjent godt etter kva eg vil satse på.

Det seier heimflytta musikar Line Dybedal (29) frå Selje. Ho har songar som blir mykje spela både på P1 og P3, og ho er storleg imponert over Andrea Santiago Stønjum frå Måløy etter at ho kom på andre plass i TV 2 programmet "The Voice".

– Ho er sjarmerande og flink, seier Dybedal.

Andrea Santiago Stønjum

I VINDEN: Her er Andrea Santiago Stønjum (16) i live program nummer ni i årets sesong av The Voice.

Foto: Robert Dreier Holand

Ikkje alle råd er gode

Ho seier det finst mange sidevegar ein kan gå for å skape seg ei artistkarriere. Men ein ting kjem ein ikkje utanom meiner ho.

Line Dybedal på Seljesanden

Line Dybedal ber Andrea om å lytte meir til hjartet sitt enn til velmeinande råd frå ulike aktørar i musikkbransjen

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Det viktigaste tipset er at ho må kjenne godt etter i hjartet sitt på kva ho vil gjere og kven ho vil vere. Det er mange som vil ein vel. Samtidig er det mange i bransjen som skal gi gode råd. Nokre av dei er nokre lurerevar. Det er ikkje alltid så lurt å følgje alle desse råda utan vidare.

– Det er viktig å stadig sjekke at ein bevegar seg i ei retning ein har lyst til å gå, seier Dybedal.

Tar tid å bli god til å skrive

Dybedal fortel at ho ser opp til dei som skriv og framfører musikk sjølve. Akkurat det å skrive tekstar er noko som Andrea kjenner kan vere litt utfordrande å få til.

– Eg har i fleire år prøvd å lage eigne låtar, men det er ikkje mi sterkaste side. Melodiane går greitt, men det er tekstane eg ikkje får til så bra, seier Stønjum sjølv.

Andrea Santiago Stønjum
Foto: Harald Kolseth / NRK

Dybedal har ikkje anna råd her enn at ho må kaste seg ut i det og jobbe på.

– Det tar tid å bli god på å skrive. I alle fall tok det tid for meg. Eg byrja så smått å skrive låtar i 14-års alderen, men det var først når eg var kring 22 år at eg fekk ei kjensle av at eg fekk det litt til, seier Dybedal.

Open for samarbeid

Ho meiner at sjølvskriven musikk ofte stikk djupare enn låtar ein får frå ein eller annan komponist.

– Det gir ofte musikken ei mykje djupare meining når den som framfører ei låt har skrive den sjølv. Spesielt når ein er på konsert. Då kan ein ofte få ei historie bak songen vi høyrer, seier Dybedal.

Ho håper at Andrea skal få det til og legg ikkje skjul på at ho gjerne vil samarbeide med den nye musikkstjerna frå Måløy.

– Ja, eit samarbeid hadde vore kjempekjekt. Stor stas om det skulle skje, seier Dybedal.