Cruiseskipa får for mykje av skulda for oljeutsleppa langs norskekysten.
Det meiner Kystverket, som i staden peikar på dei store norske og utanlandske lasteskipa.
Overvakar frå lufta
Ved hjelp av kamera og GPS leitar Kystverket etter oljesøl i havet. I fjor vart 72 skip teke for utslepp. Straffa er sviande bøter.
– Viss du ser bak han, så ser det veldig fint ut, seier Jan Olav Ødegård.
Han er rådgjevar i Kystverket. Frå 900 meters høgd følgjer han skipstrafikken i skjergarden med argusauge.
– Me tek alle bileta me kan og snakkar med båtane. Dokumentasjonen leverer me vidare til Kystverket, som vurderer om det me har funne er ulovleg eller ikkje.
Lasteskipa er verst
Flest vart tekne langs kysten av Hordaland. Lasteskip er verstingane.
– Det er lasteskipa som framleis toppar statistikken både i Noreg og internasjonalt. Difor synest me det er litt vel overdrive å fokusera så mykje på cruiseskipa, seier seniorrådgjevar Rune Bergstrøm i Kystverket.
Ynskjer strengare krav
Kystverket bøtelegger både norske og internasjonale lasteskip. Etaten jobbar for å få på plass strengare internasjonale krav til den globale skipsflåten. Men det er ein seigliva prosess.
– Det tek lang tid å få gjennom internasjonale endringar av regelverket, til dømes på kva måte båtar vert konstruert. Me må gå gjennom FN sin internasjonale maritime organisasjon. Det tek tid, seier Bergstrøm.