Hopp til innhold

Meiner regjeringa må prioritere byane før distrikta

Samferdsleprosjekt i distrikta bør vike for behova i dei større byane som Oslo. Det meiner Venstre-politikar for Akershus og tidlegare dagleg leiar i Bellona, Siri Engesæth.

Siri Engesæth

PROVOSERER: Venstre-politikar i Akershus, Siri Engesæth, møter sterke reaksjonar i Sogn og Fjordane når ho hevdar at prosjekt som Stad skipstunnel og ferjefri E39 nord for Bergen bør stille seg i kø bak det ho meiner er viktigare prosjekt i Oslo.

Foto: Henriette Mordt / NRK

Siri Engesæth meiner det er i dag er langt viktigare å bruke pengar på samferdsle i Oslo-området enn i distrikta, skriv Dagsavisen.no. Utspelet skapar sterke reaksjonar blant politikarar i Sogn og Fjordane.

I løpet av den siste tida har det vore fleire lekkasjar frå Nasjonal transportplan, som vert lagt fram i slutten av denne veka. Blant lekkasjane er éin milliard til Stad skipstunnel, samt ferjefri E39.

– Regjeringa vil bruke 150 milliardar kroner på å gjere E39 ferjefri. Delar skal dekkast med bompengar, men like fullt er det uforståeleg at regjeringa tek seg råd til ei slik investering utan samstundes å ha råd til ny Oslotunnel til 20 milliardar, seier Engesæth til Dagsavisen.

– Byen må prioriterast

Til NRK seier ho at det sjølvsagt er viktig å satse på veg også i distrikta, men at den store folketalsveksten skapar svære utfordringar i Oslo og andre store byar.

– Det eg reagerer på er at det verkar som at kvar og ei strekkje skal få sine milliardar, samstundes som Oslo og Akershus har fått ein vekst på over 25 prosent på kollektivtrafikken, og er no i ein situasjon der vi ikkje kan ha fjerntog og lokaltog samstundes fordi det ikkje kapasitet til det, seier Engesæth.

Venstre-politikaren seier ho ikkje vil setje bygda opp mot byen, men likevel meiner ho at byen må opp.

– Så må vi gjerne ha råd til god framkomst andre stader også, men det er heilt naudsynt å ta det løftet her. Blant anna har folk på Jessheim fått ein time lenger reisetid fordi ein ikkje klarar å få til både fjerntog og lokaltog, og då vert livet heilt umogleg å få til, og folk må faktisk gå ned i stilling for å rekke både å gå på jobb og ha barn.

– Uheldig bruk av pengar

Engesæth meiner at det på E39 sør for Bergen er viktig å ta delar av strekka, men ho synest ikkje at det på noverande tidspunkt bør brukast tid og pengar på utgreiing av skipstunnel og bru over Sognefjorden.

– Då snakkar ein ganske vanskelege og svære prosjekt, og med den planleggings- og gjennomføringskapasiteten vi har i Norge vil eg seie at vi må få den tunnelen gjennom Oslo slik at vi kan få både fjerntog og lokaltog. Det er heilt prekært, seier ho.

– Dersom ein skal kvittere ut kvar og ei strekkje med nokre milliardar så synest eg det vert uheldig. Vi er nøydd til å samle oss om å også få sentrale strøk til å fungere. Vi må få eit hovudstadsområde som fungerer, både for folk, gods og for heile Norge, meiner Engesæth.

Meiner utspelet er småleg

Leiar i Stamvegutvalet og fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, reagerer kraftig på utspela frå Engesæth. Ho meiner det er heilt avgjerande å satse på samferdsle også utanfor det sentrale Osloområdet.

– Eg synest det er småleg å fortelje at mesteparten av vegmidlane bør brukast rundt Oslo-området. Det er klart dei har store utfordringar, men det har vi også elles i landet, seier ho.

– Ferjefri E39 er avgjerande for at vi skal kunne greie å utnytte den ressurssterke regionen som Vestlandet er, både med fisk, olje og gass, naturressursar og fornybar energi. Skal vi kunne ta ut dette potensialet så må vi ha ein god infrastruktur. Vi må binde landsdelen saman, og dette kjem heile landet til gode, seier Følling.

Saka held fram under biletet.

Jenny Følling på talarstolen under Sp sitt landsmøte i Loen

IRRITERT: Leiar i Stamvegutvalet, Jenny Følling, meiner det er småleg å hevde at byområda bør prioriterast over distrikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vitnar om kunnskapsløyse

Ho meiner det er viktig å kunne ha to tankar i hovudet samstundes, og synest ikkje det er greitt å setje distriktet opp mot byane.

– Eg synest det vert feil. Når vi veit at det sentrale Austlandet får 60 prosent av vegløyvingane i Nasjonal transportplan, så har dei fått sin andel ut frå befolkninga, og då må ein også ha syn for at det skal skje vegbygging i resten av landet.

Følling meiner det vitnar Engesæth sine utspel vitnar om kunnskapsløyse om standarden på vegane i distriktet.

– Når ho seier at ein bør vente med E39 nord for Bergen, så er forholdet at vi har landets dårlegaste standard på E39 i Sogn og Fjordane, og då kan det i alle fall ikkje vente. Dette er noko som har vore nedprioritert over lang tid, og då må det prioriterast. Det er ikkje hjelp i å ha ein stamveg som er ferjefri dersom du gjennom Sogn og Fjordane skal køyre på ein kjerreveg. Så eg synest det er rart ho kan seie det, men eg trur det nesten må tilskrivast kunnskapsløyse.

– Eit soloutspel

Sveinung Rotevatn

USAMD: Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre og leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Også internt i Venstre skapar utspela frå Engesæth reaksjon. Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre og leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner det er unødvendig å så tvil om Venstre sin politikk. Han er klar på at partiet er for full utbygging av E39, samt realisering av Stad skipstunnel, og kallar Engesæth sine meiningar for eit soloutspel.

– Det er forståeleg at det er diskusjon mellom landsdelar om prioriteringar, det er heilt greitt, men eg synest at Akershus Venstre bør lese stortingsprogrammet vårt. Der står det heilt klart kva som er prioriteringane til Venstre. Så det er unødvendig å skape tvil om det, for det er ingen tvil om at Venstre ønskjer full utbygging av E39, seier Rotevatn.

Han meiner Akershus Venstre heller får bruke landsmøtet som arena for å kjempe for sine standpunkt, slik som alle andre fylkeslag.

– Der har dei ikkje hatt noko fleirtal førebels, og det trur eg heller ikkje dei kjem til å få.

Følling er ikkje den einaste frå fylket som reagerer på Engesæth sine meiningar. Du kan høyre meir om denne saka i dagens ettermiddagsending på NRK Sogn og Fjordane.