Hopp til innhold

Lokalpolitikarar jublar over vegpengar frå regjeringa

Regjeringa vil gje 17,5 milliardar kroner for å ta ruste opp vegane som fylka måtte overta for få år sidan. Det betyr mellom anna at rassikringa av vegen til Veitastrond kan framskundast.

Følling og Kvalen

GLADE: Både fylkesvaraordførar Jenny Følling og Luster-ordførar Ivar Kvalen smilte breitt i går kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I går kveld kom fylkesvaraordførar og stortingskandidat Jenny Følling med nyheita til sin partivenner i Loen.

Det førte til at jubelen stod i taket hjå Sogn og Fjordane-delegasjon på eit lite hotellrom under Senterparti-landsmøtet i Loen.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling har akkurat blitt kjent med den siste lekkasjen frå Nasjonal Transportplan: 17,5 milliardar til å ruste opp fylkesvegane.

Ser holet i tunnelen

– Det betyr at vi kan halde ved like vegane våre og ta ein del av det store etterslepet som er på tunnelane våre. Når det gjeld rassikring så er tunnelen til Veitastrond eitt steg nærare, seier Følling.

Ho legg ikkje skjul på at dette gler ho stort.

– Det er kjempekjekt. Når fylkeskommunen har fått eit så stort ansvar, vi har 80 prosent av vegnettet, og då må vi vere i stand til å halde ved like det. Då er det avgjerande at vi får desse pengane, seier Følling.

Etterslepet er langt større

Ho legg til at behovet for pengar er endå større.

– Men dette er ei god satsing i NTP, seier Følling.

For Statens vegvesen har rekna ut at etterslepet er langt større. Rundt 4 milliardar berre i Sogn og Fjordane. Om lag 55 milliardar på landsplan.

– Dette kan ein ikkje ta på ein gong. Dette vil ta nokre år å få gjennomført. Men det å få ti milliardar kroner i transportplanen betyr at vi kan få starta dette og få gjort ein god del i første perioden, seier Følling.

Håpar på fortgang for Veitastrond

Og det kan altså bli start på rassikring av vegen til Veitastrond i Luster. Sp-ordførar Ivar Kvalen er nøgd med det.

– Det vil betyr iallfall tidlegare oppstart av prosjektet. Kanskje klarar vi å fullfinansiere det fortare enn vi trur, seier Kvalen.

Han ser lyst på vegen vidare.

– Dette er veldig kjekt å høyre, og så får vi håpe at dette går i orden, seier Kvalen.