Hopp til innhold

– Beredskapen er så å seie ikkje eksisterande

Fylkesmannen i Hordaland krev ein beredskap for rømt oppdrettsfisk som liknar oljevernberedskap.

Fiskedugnad Askøy

BETRE BEREDSKAP: Fylkesmannen krev no betre beredskap og meiner at rømt fisk må fangast umiddelbart.

Foto: Privat

– Vi saknar eit beredskapssystem som trer i kraft med ein gong ein slik situasjon oppstår, seier miljøvernsjef Kjell Kvingedal, hos Fylkesmannen i Hordaland.

Til no er det meldt om 150 000 rømt laks og regnbogeaure etter ekstremvêret «Nina». Fylkesmannen konstaterer rømt oppdrettsfisk i alle fjordsystem i fylket.

– Det er ein katastrofal situasjon. Vi veit ikkje konsekvensen av dette. Det får vi kanskje aldri vite når det gjeld spreiing av sjukdom, og kva skade dette kan gjera i vassdraga våre, seier Kvingedal.

– For mykje armar og bein

Kjell Kvingedal

SVIKT I SYSTEMET:– Ved oljesøl er det eit veldrive system som trer i kraft med ein gong. I situasjonen som oppstod etter ekstremværet Nina, sakna vi eit slikt system, seier Miljøvernsjef Kjell Kvingedal, hos Fylkesmannen i Hordaland.

Foto: NRK

Miljøvernsjefen meiner det som har skjedd etter den omfattande rømminga etter ekstremværet «Nina», syner at beredskapsordninga ikkje har vore god nok.

– Det har vore for mykje armar og bein, og det har vore i altfor stor grad basert på fri vilje. Ære vera dei frivillige som har gjort ein kjempeinnsats, men det kan ikkje vere hovuddelen i ein framtidig beredskapsordning om slike situasjonar skulle oppstå igjen, seier Kvingedal.

– Korleis er beredskapen for rømt fisk, samanlikna med ein lastebåt som går på grunn og lek olje?

– Samanlikna med beredskap innan akuttforureining er den nesten ikkje eksisterande. Ved oljeutslepp er det eit system som trer i kraft med ein gong. Eit veldrive system som er basert på risikoplanlegging, øvingar, og klare aksjonsplanar når situasjonen oppstår, seier Kvingedal.

– Usystematisk og tilfeldig

Professor Are Nylund

TRENG BEREDSKAP: – Vi må ha ein beredskapsstyrke som står klar, seier biologiprofessor Are Nylund.

Foto: Universitetet i Bergen

Kvingedal får støtte frå biologiprofessor Are Nylund ved Universitetet i Bergen. Nylund meiner oppryddinga etter rømmingane har vore usystematiske og tilfeldige.

Professoren etterlyser ein eigen beredskapsstyrke, ein slik som rykkjer ut ved til dømes oljeutslepp.

– Vi må ha ein beredskapsstyrke som står klar, og det har vi ikkje i dag. I dag er det overlate til sportsfiskarar, miljøorganisasjonar og tilfeldige fiskarar som fangar fisken, seier Nylund.

Tek sjølvkritikk

Regiondirektør Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet tek sjølvkritikk, og seier beredskapen sjølvsagt kan bli betre.

– Det har vore for mykje rømming i Hordaland. Vi treng å setje oss saman og diskutere kva vi kan gjera betre, seier Ulriksen.

– Ved spesielle hendingar som dette, treng vi eit meir gjennomtenkt system der fleire får varsel om å delta i opprydding av rømt fisk.

Lakserømming i Hordaland

Fiskarar håva inn enorme mengder rømt fisk i dagane etter ekstremværet Nina i januar.