Hopp til innhold

– Barna kan ikkje bli kasteballar i systemet

Byrådet vil garantera at barn som blir kasta ut av barnehagen får plassen tilbake ved neste hovudopptak. Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet meiner forslaget er for puslete.

Harald Schjelderup

Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet meiner barna sitt beste må vera det førande for politikken i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Som NRK har fortalt tidlegare, mista 33 barn i Bergen i fjor barnehageplassen fordi foreldra ikkje betalte for seg. No vil byrådet garantera at barn som har blitt kasta ut får tilbake plassen seinast ved neste hovudopptak.

Forslaget skal opp på neste møte i bystyret i Bergen. I forslaget ligg det ein endring i vedtektene til alle dei kommunale barnehagane og SFO på følgande punkt:

  • Oppseiing av barnehage- og SFO-plass kan først skje etter tre månaders manglande betaling.
  • Sjølv om foreldra skuldar kommunane pengar, skal kommunen tilby barnet plass innan neste hovudopptak er gjennomført.

– Skeptisk

Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet vel å vera skeptisk til forslaget. Han meiner byrådet har ikkje løyst problemet med at fattige barn kan verta kasta ut av barnehagen.

– Vi er nøgd med at byrådet tar saka på alvor, men slik som forslaget ser ut til å vera skrive, så skal barn likevel først bli kasta ut av barnehagen og så få tilbod om plass seinare.

– Poenget må vera at barn ikkje kan bli kasteballar i eit offentleg system, seier Schjelderup til NRK.

– Ryddar ikkje opp i skandalen

Han meiner barna sitt beste må vera det førande for politikken.

– Vi er skeptisk til delar av forslaget og vi kjem til sjå gjennom det til neste møte i bystyret.

Oddny Miljeteig i SV går lenger i kritikken av forslaget.

– Dette forslaget ryddar slettes ikkje opp i denne skandalen, tordnar ho.

– Intensjonen var at ingen skulle mista plassen, og då har byrådet ein ting å gjera: Seia tydeleg ifrå om at me ikkje skal kasta barn ut av barnehagane i Bergen.

Får truleg fleirtal

I Venstre er reaksjonen på byrådet sitt forslag ein del meir positivt enn hjå Ap og Sv. Julie Andersland kallar endringane i vedtektene som fornuftige.

– Det viktige her er at vi gir barn tilbodet om barnehageplass, men samstundes forstår vi at det er ei hensikt med ein reaksjon om foreldra ikkje betalar for plassen.

Sidan Venstre stiller seg positive, får truleg forslaget frå byrådet fleirtal i neste møte i bystyret i Bergen.