Hopp til innhold

– 22. juli-rapporten er ærleg, usminka og tydeleg

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil ikkje trekkje forhasta konklusjonar etter 22. juli-kommisjonen sin rapport.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

USMINKA: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skildrar rapporten etter terroråtaka 22. juli som ærleg, usminka og tydeleg.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Rapporten som vart lagt fram i dag slår fast at gjerningsmannen kunne vore stogga tidlegare, og peiker på ei rekkje manglar ved beredskapen i samfunnet.

Liv Signe Navarsete er ikkje overraska over det som kjem fram i rapporten.

– Så langt eg har fått informert meg no, så ser det ut til at kommisjonen sin rapport så usminka, ærleg og tydeleg som ein rapport skal vere. Den skal vise oss vegen vidare og vi skal setje oss inn i og diskutere den i det politiske Norge og i det offentlege ordskifte i tida framover, seier kommunalministeren.

– Må bruke tid

Ministeren har ikkje sjølv fått gå igjennom den 500 sider lange rapporten i detalj, men har fått orientering om innhaldet. Særskilt politiet får hard medfart. Det blir peika på fleire sentrale manglar ved manglande kommunikasjon og dømmekraft kring sentrale spørsmål.

– Pårørande har forventingar om at rapporten er klar og plasserer ansvar. Har du så langt inntrykk av at dei får svara dei ynskjer?

– Det ser ut til at her er ganske tydelege meldingar i kommisjonen sitt arbeid. Det som blir viktig for oss no er å bruke tid. Dei har brukt eitt år og vi må bruke meir enn nokre timar på å dra konklusjonane. No må setje oss inn i det dei har gjort, og vi må drøfte nøye kva og korleis vi skal følgje opp rapporten, seier Navarsete.

– Aksepterer kritikk

Den uavhengige regjeringsnedsette kommisjonen peikar på at det gjekk tre timar frå bomba i Grubbegata gjekk av, til gjerningsmannen vart arrestert på Utøya. Oslo-politiet oppfatta raskt at det var tale om ei terrorhandling, men brukte for lang tid før dei bad om hjelp og slo riksalarm.

Også den første politipatruljen som kom til Utøya får krass kritikk. Kommisjonen viser mellom anna til at dei ikkje sytte for båtar slik at dei kom seg over til øya der AUF sin sommarleir vart halden.

– Vi aksepterer hovudfunnet om at ein raskare aksjon var mogleg og at gjerningsmannen kunne ha vore stogga tidlegare, seier politidirektør Øystein Mæland.

– Blir ingen støvsamlar

– Vi tek kritikken frå kommisjonen alvorleg, og vil strekkje oss for å følgje det som blir peika på, legg Mæland til.

Navarsete meiner rapporten er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet etter terroråtaka. Mandatet til kommisjonen var å finne svar på kva som skjedde 22. juli i fjor. Kommunalministeren forsikrar om at rapporten vil få følgjer.

– Det vil ikkje bli noko støvsamlar i noko skuffe. Denne rapporten blir arbeidd med og følgd opp både på kort og langsint. Noko kan heilt sikkert gjerast raskt, andre oppfølgingstiltak vil krevje noko meir tid. Det aller første vi må gjere er å setje oss grundig inn i det som lagt fram i dag, som er eit årsverk og eit grundig årsverk, seier ho.

«Angrepet på regjeringskvartalet 22/7 kunne ha vært forhindret gjennom effektiv iverksettelse av allerede vedtatte sikringstiltak», heter det i rapporten fra 22.julikommisjonen.

SJÅ TV-SAK: Kommisjonsrapportens anbefaling etter 22. juli.

Vil ikkje ha heksejakt

Torbjørn Vereide frå Sandane i Gloppen var mellom dei som overlevde angrepet på Utøya.

Her vart 69 leirdeltakarar drepne, medan 66 vart såra. Åtaket på Regjeringskvartalet tok livet av åtte menneske, medan kring 30 personar vart skadde.

Fylkestingsrepresentanten i Sogn og Fjordane meiner det viktigaste er å setje spørsmålsteikn ved systemet, og ikkje drive ei heksejakt mot enkeltpersonar.

Torbjørn Vereide held appell under Sandanedagane.

ÅTVARAR: Torbjørn Vereide ynskjer inga heksejakt på einskildpersonar etter terroråtaket 22. juli i fjor.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er alltid lettare å sjå tilbake, og tenkt at om ein hadde tatt den svingen der eller hatt betre kommunikasjon så kunne vi nådd det. Men det er ein fare med det, og faren er å gjennom å peike fingrar på politiet så viser ein mistru til dei, seier han.

Vurdere systemet

Vereide har hatt eit avslappa forhold til at rapporten skulle leggjast fram i dag. Han seier at han ikkje likar å hengje seg opp i det som høyrer fortida til.

– Sjølv om eg er i mot å starte ei heksejakt og å peike på einskildpersonar, så vil eg alltid vere forkjempar for å stille spørsmål med systemet. At ein skal stille spørsmål ved korleis vi kan forandre og fornye systemet, så vi kan vere budde på ei liknande krise i framtida. Det er viktig i rapporten, seier Vereide.