Hopp til innhold

Enkeltpersonar må ta ansvar

Enkeltpersonar må ta ansvar for det som gjekk gale 22. juli 2011, seier Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet.

Ingrid Heggø.

KREV ANSVARSPLASSERING: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

22. juli-kommisjonen sin rapport blir lagd fram i dag, og Utøya-overlevande Torbjørn Vereide frå Gloppen åtvarar mot at det kan bli ei heksejakt.

– Må få konsekvensar

Men stortingsrepresentant Ingrid Heggø er klar på at ansvaret tilhøyrer enkeltpersonar.

– Viss nokon gjer ein feil i ei utrykking og noko skjer, så får det konsekvensar for dei personane som gjer feil, og det må gjelde også for denne tragedien.

22. juli-kommisjonen legg fram sine konklusjonar om kva som faktisk skjedde under terroråtaket 22. juli i fjor og korleis vi kan hindre at slikt skjer igjen.

Det er venta at politiet vil få mykje kritikk mellom anna for tidsbruken. Fleire bistandsadvokatar har sagt at dei ventar at det også vert plassert eit tydeleg ansvar hjå enkeltpersonar for det som gjekk gale under redningsaksjonen.

Torbjørn Vereide

ÅTVARAR MOT HEKSEJAKT: Torbjørn Vereide.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kaos og forvirring

Det blir feil fokus, meiner Torbjørn Vereide, som overlevde massakren på Utøya.

– Vi må ikkje gå i den fella at vi peikar på ein enkelt politisjef og seier at han reagerte eitt minuttt for seint, og at han burde ha reagert annleis. Men kan vi lære noko av saka, så er det fantastisk.

Vereide meiner faktorar som stress, kaos, forvirring har spelt inn og gjort at det kanskje ikkje var mogeleg å reagere slik dei hadde øvd på og slik det skulle gjerast etter boka.

Bjørn Lødemel

SAMD MED HEGGØ: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Avgjerande at det blir konkret

Men stortingsrepresentat for Høgre, Bjørn Lødemel, er av ei heilt anna meining.

– For at dei pårørande skal få klart for seg kva som skjedde og for at dei skal kome seg vidare i livet trur eg det er avgjerande at det blir heilt konkret, også ned på den einskilde tenestemannen.

– Smakar ikkje godt

Torbjørn Vereide håpar Norge tek lærdom av det som skjedde. Utover det bryr han seg lite om kommisjonsrapporten.

– Eg synest dette blir som gamal kneipp, det smakar ikkje godt.