- Ikkje veg utanom
Årsaka til at halvparten av dei tilsette må gå er auka konkurranse på frosne filetprodukt frå lågkostland som Kina. Administrerande direktør Svein Lyngnes seier det ikkje var nokon veg utanom kutta.
- Konkurransen på frosne filetprodukt er så hard at vi ikkje har anna val enn å leggje om drifta, seier Lyngnes.
Han seier fabrikken no vil satse meir på foredling av ferskfisk.
Prega av vedtaket
Hovudtillitsvald for dei 200 tilsette ved Domstein Enghav, Tove Svensen, seier kollegaene er prega av styrevedtaket.
- Dette var det verste som kunne skje, seier Svensen.
Vågsøy kommune har frå før av mista 600 arbeidsplassar dei siste fem åra.
- Vanskelege tilhøve
Fiskeriminister Svein Ludvigsen som er i fylket i anledning årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag, seier det er svært beklageleg at tilsette må gå.
- Men det stadfestar dei vanskelege konkurransetilhøva som fiskerinæringa slit med, det norske kostnadsnivået og manglande marknadstilgang. Men det positive er jo at dei har valt å ikkje leggje ned fabrikken, så vi får bidra alle saman til at det kan bli ny aktivitet i fabrikken, seier Ludvigsen.