Hopp til innhold

Blir eitt av Norges største asylmottak

Det nyoppretta akuttmottaket på Landås i Bergen kan ta imot inntil 700 asylsøkjarar. Oppstart blir i første halvdel i desember.

Gamle Lærerhøyskolen på Landås

AKUTTMOTTAK: Den gamle lærarhøgskulen på Landås blir gjort om til akuttmottak for asylsøkjarar. No har kommunen bestemt kor mange det er plass til i bygget.

Foto: Kari Ingvaldsen

Bergen kommune skriv i ein pressemelding i dag at dei har sett eit tak på kor mange akuttplassar dei kan ha på det nyoppretta asylmottaket på Landås.

Den tidlegare lærarhøgskulen vil no bli om til eit asylmottak.

– Kommunen har hatt ein brannteknisk gjennomgang og vi har kartlagt bygget med omsyn til organisering og utrusting. Konklusjonen er at vi kan ta imot 700 asylsøkjarar, seier Hugo Limkjær, oppstartsleiar for Norsk Folkehjelp.

Snarleg oppstart

Mottaket opnar i første halvdel av desember. Limkjær fortel at dei først vil ta imot 300 flyktningar på det nyoppretta mottaket.

– Vi har gode erfaringar med store mottak, til dømes i Oslo sentrum, med tett kontakt med frivillige organisasjonar og idrettslag som vi inviterer inn.

Asylmottaket på Landås er oppretta av UDI i samarbeid med Bergen kommune. Norsk Folkehjelp skal ha ansvaret for drifta av mottaket.

Folkemøte om asylmottak på Landås

Sosialbyråd Erlend Horn på det stappfulle informasjonsmøtet om asylmottaket på Landås.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Blir eitt av Norges største

Interessa rundt asylmottaket har vore stor. På eit folkemøte for nokre veker sidan, kom det så mange at møtet måtte haldast to gonger slik at alle skulle få den informasjonen dei trengde.

Tidlegare i november byrja det å brenne på eit asylmottak i Hemsedal. Der går føre seg det omfattande etterforsking og brannårsaka er ikkje kjent. Torsdag vart ei 17 år gamal jente knivdrepen ved eit asylmottak på Sunndal.

Limkjær seier dei har sterkt fokus på tryggleiken på Landås, ved det som vil bli eitt av Norges største asylmottak. Det fins fleire mottak med 1000 plassar, ifølge Limkjær.

I oktober skreiv VG om tilstanden på Noregs nest største mottak på Hvalsmoen i Buskerud.

– Tryggleiken står i høgsetet. Vi jobbar for å sette opp eit tryggleikssystem. Utover det er det å få gjennomført tilsettingar og grundig opplæring til teamet som skal ta i mot bebuarar.

Han anslår at det vil bli fleire titals jobbar ved mottaket. Det er UDI som rår over kapasiteten på mottaket og bestemmer når det eventuelt vil bli aktuelt å utvida.