Hopp til innhold

60 personar utan veg etter ras – slik får øyfolket bilane sine forbi

Ryddinga etter det store stein- og jordraset på Osterøy startar tidlegast tysdag ettermiddag. – Vi fryktar det skal kome ned meir, seier geolog.

Ferje hentar bilar på Osterøy og fraktar dei til Stamneshella

ENKEL KAI: Ei bilferje henta måndag ettermiddag fleire bilar frå dei som er innesperra i raset. Bilane vart frakta til fastlandet.

Foto: JOHN OLAV ØRNES

Det er meld mykje regn det komande døgnet, og vatnet kan lage meir problem på rasstaden , som ligg på fylkesveg 5406 nordaust på Osterøy, om lag 200 meter frå Kallestadsundet bru.

– Store vassmengder kan rote i skredlaupet, og då kan det kome ned meir massar, seier geolog Harald Hauso, som var på staden måndag føremiddag saman med representantar frå fleire etatar.

Ras på Osterøy

EINASTE VEG: Kallestadsundet bru er ei av to bruer som knyter Osterøy til fastlandet. Sidan det ikkje er veg mellom desse to bruene på øya, er om lag 60 fastbuande nordaust på Osterøy isolerte.

Foto: John Olav Ørnes

– Kan ikkje ause alt på fjorden

Det er fyrst og fremst nødvendige førebuingar som gjer at ryddinga truleg ikkje kjem i gong før tidlegast tysdag ettermiddag.

– Det er mykje å organisere. Vi kan ikkje berre ause massane på fjorden. Dei må fraktast vekk. Og når alt er klart, må vi vurdere vêret, seier Hauso.

– Kor lang tid vil det gå før ein kan ha køyrbar veg på staden?

– Vanskeleg å sei, men det vil nok gå fleire dagar, seier geologen.

Ras Osterøy

UNDERSØKTE OMRÅDET: Fagfolk undersøkte rasstaden sundag ettermiddag.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Har sett opp båtskyss

Det var like før 23:30 laurdag kveld at den fyrste meldinga om raset kom inn til Vegvesenet. Raset har gått 400 meter oppe i fjellsida. Store jord- og steinmassar dekker vegen og det er mykje vatn som kjem nedover

Området der raset har gått ligg i Vaksdal kommune. Kommune tilbyr no båtskyss til dei 60 som er isolerte på Kallestad etter jordraset i går. Det er framleis usikkert når vegen kan opne igjen.

– Vi har sendt ut SMS til alle på Kallestad om at dei berre kan melde frå om dei treng skyss ut frå bygda, seier ordførar Hege Eide Vik (Sp) i Vaksdal kommune.

– Heldigvis har skulane i Vaksdal vinterferie. Det gjer situasjonen litt enklare å handtere.

Hege Eide Vik, ordførar Vaksdal kommune (Sp)

IKKJE FYRSTE GONG: Ordførar Hege Eide Vik i Vaksdal seier bebuarane har begynt å bli vant til at slike ting skjer.

Foto: Vaksdal kommune

Ferje henta bilar

Dette er ikkje første gang det går ras over vegen til Kallestad. Monika Kallestad bur berre ein kort avstand frå rasstaden, men tek det heile med stor ro.

– Vi har begynt til å bli vant til at slike ting skjer. No håper vi det blir sett opp ei bilferje slik at vi kan frakte bilane våre over til fastlandet. Det blei gjort førre gong vi var isolerte.

Kallestad seier dei no må organisere skyss på andre sida av fjorden. Sjølv har ho avtalt å sitte på med ein kollega til jobb.

Måndag ettermiddag vart det ordna med ei bilferje som tok seg inn til ein provisorisk kai til dei som er innesperra av raset.

Den hadde med seg ei gravemaskin. Tilbake til fastlandet frakta den 6–7 bilar, slik at bebuarane kan ta båtskyss inn til fastlandet og så køyre vidare med bilen.

– Vi har tilrettelagd så godt vi kan. Skyssbåten går så lenge vegen er stengd. Så må vi kanskje tenke annleis til veka, om vegen framleis er stengd av raset, seier rådmann Atle Fasteland i Vaksdal kommune.

Geolog Harald Hauso

FRYKTAR VÊRET: Geolog Harald Hauso seier store vassmengder kan gjere at det rasar meir på staden.

Foto: Anette Berentsen / NRK