– Av nynorsktiltaka vil eg særleg trekkja fram "Nynorskbyen Førde", sa kulturminister Thorhild Widvey i oktober da departementet hennar gav prosjektmidlar til språkarbeid.
Prosjektet er eitt av 16 språktiltak som er tildelt statlege midler frå kulturdepartementet, og får 500.000 kroner av ein sum på til saman 4 millionar. Prosjektet tar til i 2015 og er meint å vere eit treårig prosjekt. Støtta frå regjeringa gjeld kun for kommande år.
Formålet er å skapa ein sterkare nynorskspråkleg identitet i byen og i regionen, heiter det i pressemeldinga frå regjeringa, og det same kan ein også lese i prosjektsøknaden sendt frå kommunalsjef Trond Ueland.
Men: Kva er eigentleg "Nynorskbyen Førde"? Og korleis bruker kommunen 500.000 kroner på å satse på nynorsken?
- LES OGSÅ:
Håpar på nynorskpryda busskur
– Når vi startar dette, så er det fordi at Førde og Sunnfjord er nynorskland. Det gjeld jo sjølvsagt for heile Vestlandet, byrjar Ueland:
– Førde er jo ei nynorskklynge beståande av mange tunge institusjonar, så det er nesten naturleg at vi lagar oss ein nynorskby.
Mellom dei nynorske institusjonane Ueland peiker på, er Firda, Nynorsk avissenter, Nynorsk mediesenter, Sogn og Fjordane teater og biblioteket, i tillegg til at næringslivet i stor grad følgjer på med reklame og annonsering på nynorsk.
Ueland er klar på at kommunen no må bruke prosjektmidlene fornuftig, og at summen ikkje skal nyttast til å tilsetje ein prosjektleiar.
– Det er mykje vi kan gjere allereie no. Å synleggjere nynorsken i byen, det synst eg er veldig spennande. No skal vi jo ha nye busskur, og der har vi mogelegheita til å pynte med nynorske ord og uttrykk, seier han.
- LES OGSÅ:
Våge å vere stolte av nynorsken
Kommunalsjefen understrekar at dette må vere eit samarbeid med dei store institusjonane. Men i eit fylke kor nynorsken har ein sjølvsagt plass, er det kanskje merkeleg at eit slikt prosjekt ikkje har sett dagens lys før no.
– Det openberre svaret på det er jo at vi er i nynorskland. Vi tenker ikkje over det. Nynorsken er ikkje problematisk her, og vi lever godt med den, svarer Ueland.
– Kunne de har fått i gang dette prosjektet utan desse midla?
– Ja, mykje av dette kan vi gjere utan støtte frå regjeringa. Men det er fint å få litt krefter for å løfte seg litt ut av den kvardagen vi alle sitt i, seier han.
Ei auka satsing på leselyst blant barn og unge, eit breiare samarbeid med næringslivet og offentleg forvaltning og, ikkje minst, å pynte opp Festplassen med sitat frå nynorsk litteratur og songarv er mellom ideane Ueland sitt med.
– Og så skal vi vere litt stolte. Det er nynorsk som er vårt skriftspråk. Og den fana skal vi løfte litt høgare.
- LES OGSÅ: