Det var sist veke den tidlegare jamnleg straffedømde mannen med adresse Vik braut seg inn i heimen til ein mann i Florø. Der stal han elektronisk utstyr til ein verdi av kring 20.000 kroner.
Arkivfoto Jostein Nyfløtt NRK
Skulda på skuld
Mannen har forklart at han ville stele utstyret fordi huseigaren skulda den dømde 400 kroner. 43-åringen ville ha att desse pengane, og stal såpass mykje for å ha pressmiddel. Samstundes selde han ein del av gjenstandane vidare for å tene pengar.
43-åringen er også dømd for å ha kjøpt, brukt og oppbevart narkotika. I byrjinga av juli skal han ha kjøpt 80 tablettar blå Valium og 2-3 gram hasj. Ein del av stoffet brukte han sjølv.
På rett veg
Mannen er tidlegare straffedømd heile 43 gonger. Han har vedgått forholda i den siste dommen, men la i forklaringa si vekt på at han er på god veg ut av den kriminelle livsstilen.
Dårlege vener
Mannen prøver å få seg fast arbeid i Vik, og hevdar at lovbrota i Florø ikkje betyr at han er på veg til å gjere nye straffbare handlingar. 43-åringen seier lovbrota i Florø hadde samanheng med at han kom i kontakt med "dårlege vener" då han var på ferie i Sunnfjord.
Mannen er dømd til 90 dagars fengel, men får seks dagars fråtrekk for å ha sete i varetekt.